Ny utgjeving frå Ivar Aasen-instituttet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

"Noregs Boklag - ei forlagssoge" syner korleis forlaget har sett spor etter seg i den nynorske litterære verda.

Nyutgjevinga i skriftserien til Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda tek føre seg årsakene til at Noregs Boklag vart skipa og fortel om dei ulike eigarane.
Vidare drøftar boka nynorskrørsla, i tillegg til å ta føre seg driftsstyrarane, dei viktigaste konsulentane og ein del av forfattarane.

"Noregs Boklag - ei forlagssoge" er det nittande nummeret i skriftene frå Ivar Aasen-instituttet, og vert distribuert gjennom Ivar Aasen-instituttet ved å ta kontakt på telefon 70 07 50 16 eller ved å sende ein e-post til Roger Ole Rangsæter.

skriftserien520

Del på