Professor i filosofi, Jon Hellesnes, tilsett ved HVO

Jon Hellesnes, professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø, er frå årsskiftet tilsett som professor II ved Høgskulen i Volda, og han kjem på si første vitjing til Volda denne veka. Han vil halde ulike førelesingar, og dei fleste er opne for alle.

Hellesnes skal halde førelesingar for studentar og tilsette. Spesielt er førelesingar i vitskapsteori aktuelle for mange ved Høgskulen, seier Jan Inge Sørbø ved Ivar Aasen-instituttet, der Hellesnes vil ha kontor.

Hellesnes startar allereie i dag, med ei førelesing med tittelen ”Nasjonalisme – er det farleg?” Sivil nasjonalisme, etnisk nasjonalisme.

Program for veke 10:

 

Måndag 6. mars kl. 13.00, BK vesle aud.

”Nasjonalisme – er det farleg?” Sivil nasjonalisme, etnisk nasjonalisme.


Tysdag 7. mars kl. 09.15-12.00, BK 158                              

Hermeneutikk: ”Hypotetisk-deduktiv metode brukt på humaniora?”Ulike tolkingsteoriar hos Gadamer, Habermas og andre.

Onsdag 8. mars, Strøm 242
Essay-gjennomgangar med masterstudentane (kl. 09.15-11.00)
Seminar for stipendiatar (kl. 13.15-15.00)

Torsdag 9. mars kl. 12.15-14.00, BK

 157  
Ideen om å prove Guds eksistens eller ikkje-eksistens. Religionsfilosofiske merknader.

Del på: