Rekordmange tek eksamen ved Ivar Aasen-instituttet

Heile fem kandidatar skal opp til avsluttande eksamen ved masterstudiet i nynorsk skriftkultur. Det er ny rekord. Fredag 8. juni vert det halde prøveførelesingar som er opne for alle.

Kl. 10.15: Kva fordelar og ulemper følgjer med økologiomgrepet når det blir applisert metaforisk på kulturforsking? ved Elise Velle
Stad: Berte Kanutte 158

Kl. 10.15: Kva rolle kan avistekstar spele i byrjaropplæringa? ved Øyfrid Garborg Sande Aufles
Stad: Strøm 245

Kl. 13.15: Diskuter Rasmus Lølands Paa sjølvstyr (1892) ved Linda Sævik
Stad: Berte Kanutte 158

Kl. 13.15: Tilhøvet mellom formelle og uformelle sosialiseringsagentar i haldningar til nynorsk ved Unni Rabben
Stad: Strøm 245

Kl. 13.15: Kva rolle har barnebøker spelt i utviklinga av den nynorske skriftkulturen? ved Ingrid Maria Løfoll
Stad: Aasen 106


 

Del på: