”Skaff deg eit liv! Om biografi” av Stephen J. Walton

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

– Det heile starta i 1996 då eg skreiv ”Ivar Aasens kropp”, ein biografi om Hovdebygdas store son som egbrukte 8 år å skrive, og som iallfall ikkje er for kort. Biografiar var noko eg korkje las eller likte, og det var ei utfordring. Eg uttalte ein gong at det ikkje fanst nokon Aasen-biografi, og at det burde nokon skrive. Kort tid etter fekk eg eit brev frå Samlaget som hadde høyrt at eg skulle skrive Aasen-biografi, og slik vart det. Til meir eg las av sjangeren til meir avsmak fekk eg, fortel Stephen.

Den moderne biografien har vakse fram av romansjangeren, der forfattaren skaper personane og historia. Stephen seier at notidas biografar opptrer som romanforfattarar, mykje fordi romanane er blitt så vanskelege og detaljerte.

- Biografisjangeren er ein mannsdominert sjanger. Eg var skeptisk til denne måten å skrive på, og ville gjere det på ein annan måte, det var utgangspunktet mitt.

Han valde å tolke Ivar Aasen på ein ny måte, ved å dele han i kroppsdelar der han starta med å skildre føtene. Det viktigaste var å få fram si eiga tolking av arbeidet, ”kva gjorde Aasen og kvifor gjorde han det?”. Resultatet vart ein annan måte å skrive biografi på, refleksjon kring sjangeren, eit alternativt Aasen bilete og dokumentasjon kring mytane som Ivar Aasen.

IMG_8169_magasin

Stephen J. Walton er forfattar og leiar av Ivar Aasen-instituttet

 

I alt har Stephen skrive tre Aasen-bøker, og har i tillegg hatt fleire andre bokprosjekt og drive kjeldearbeid.

- Biografisjangeren er ei utfordring. Det er ein tendens til at det er biografiskeptikarar som skriv biografiar, som til dømes Marianne Egeland med biografien ”Hvem bestemmer over livet ditt?” (2000). Danskane er meir entusiastiske. Eg synest ikkje det er mange gode norske biografiar, men eit unntak er Kjartan Fløgstad med ”Portrett av eit magisk liv”, seier Stephen.

”Skaff deg eit liv!”

”Skaff deg eit liv!” startar med innleiinga frå den første Aasen-biografien, der han diskuterer den moderne biografien og den modernistiske.

– Det er 20 år sidan eg skreiv den teksten, og det var eitt av dei første forsøka på å skrive biografiteori på norsk.

 

Vidare inneheld boka mellom anna foredrag om biografisjangeren og ein sjølvbiografi frå 2005 i Samtiden. Vanlegvis er han svært presis å levere arbeida sine, men denne sjølvbiografien kom eit år seinare enn avtalt.

- Eg trudde eg var eit særtilfelle, men redaktør Knut Olav Åmås kunne fortelje at alle som skulle skrive sjølvbiografi leverte seint og hadde problem med å skrive. Dette viser mellom anna at denne sjangeren ikkje er enkel. Det var vanskeleg å velje materiale, og eg enda opp med å skrive mykje om barndommen min, seier Stephen.

Boka inneheld vidare ulike tekster der han diskuterer andre biografiar. Det kjem mellom anna fram at han har endra synspunkt sidan 1988, då han meinte at ein helst burde la vere å skrive biografiar. I dag ser han det mogleg eller forsvarleg å skrive biografi. Avslutningsvis inneheld boka ni ønske om kva ein biografi bør innehalde, der rolla til biografen står sentralt.

Å skrive er magisk

Stephen J. Walton går og tenker på nye prosjekt.

- Å skrive det er magisk, det er som alkymi der ein blandar materiale og får eit nytt. Ein forfattar skaper også stoff som ikkje fanst frå før. Å skrive gjer ein når det ikkje er mogleg å la vere. Som forfattar blir ein plaga av ting, seier Stephen og samanliknar det å vere forfattar med ein østers. Han skildrar korleis perla i ein østers blir danna når noko irriterer, ei slags forskaling.

– Ein forfattar gjer akkurat det same, beskyttar seg når noko irriterer og skapar merksemd som dannar eit produkt. Det er blir stadig vanskelegare å skrive og å vere akademikar. Når ein skriv treng ein fred og ro.Samtidig har vi skapt eit akademisk system som premierer heilt andre eigenskapar enn dei som trengst for å skrive godt, så som grenselaus byråkratisk sjølvhevding og utettervend entreprenørskap.Systemet vil ha det resultatet som bøkene og dei lange artiklane fører til samtidig som det effektivt fjernar grunnlaget for at dei kan bli til.Dette er eit enormt paradoks, og eg kan love deg at det vil bli enda mykje verre før systemet endeleg kollapsar under vekta av sine eigne motseiingar. Enn så lenge er det berre enkeltpersonar som bryt saman, og dei er det vel ingen som bryr seg om lenger.

Det å skrive sjølvbiografi var ein interessant og lærerik prosess. Der fekk han kjenne på og kartlagt si eiga motvilje som pregar biografiske tekster.

Lever for å forske og skrive

Tittelen til boka ”Skaff deg eit liv!” var eit innfall. Den er fleirtydig med ulik klangbotn, og kan sjåast i forhold til både lesar og biograf.

- Eg veit kva mi neste bok blir, den har ein fantastisk tittel men den vil eg ikkje avsløre. Eg har også den perfekte romantittel: ”Berre bekken brusar. Ein legeroman frå distrikts-Noreg”, men det vert nok ein vanskeleg roman å skrive, flirar han.

Stephen held alltid på med to prosjekt samtidig, og er no inne i ein tanke- og leseperiode. Han er fødd i England, budde både der og i Noreg frå slutten av 70-åra, og har budd her fast i bortimot ti år.

– Det er på mange måtar triveleg i Noreg, det er eit gjennomsiktig og enkelt samfunn å forholde seg til. Det minst tiltalande er vel den latente etniske sjåvinismen som av og til piplar opp til overflata, men det held på å vekse fram eit spennande og stort sett velfungerande fleirkulturelt samfunn her. Eg trur det går bra. Og Volda har dei siste åra blitt meir internasjonalt og interessant, og det mykje på grunn av arbeidet til internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen. Det ho har gjort er strålande!

Stephen J. Walton er professor i nynorsk skriftkultur, vegvisar og rettleiar, han skriv bøker, driv prosjekt og held seminar.

– Tid er ikkje noko ein har, det er noko ein skaper, seier han med eit smil. Sjølv likar han best å skrive og rettleie. – Eg lever for å forske og skrive. Det å kunne stimulere motivasjon, nyfikenskap, peike på nye inngangar og heve forvirringa opp på eit høgare og meir eksaltert plan er svært givande. Aasen-instituttet er eit forskingsinstitutt og då må ein forske. Det viktigaste er å vere motivert og ta vare på nettopp motivasjonen og nyfikenskapen!

 

bok2

Stephen J. Walton : Skaff deg eit liv! Om biografi. Samlaget (2008).

 

 

Du kan lese utdrag frå boka her (pdf).

 

Les fleire artiklar og omtalar: NRK

Det Norske Samlaget

 

Del på