Bibliotek

  • Cinahl - ny database i biblioteket

    Publisert

    Via samarbeidet i konsortiet UH-nett Vest, har biblioteket fått tilgang til databasen Cinahl. Cinahl er ein internasjonal artikkelbase for helsefag med hovudvekt på sjukepleie. Basen dekkjer også eit utval bøker, konferanserapportar, fulltekstdokument m.m. Cinahl er særleg god på kvalitativ forsking og stoff om pasienterfaringar.

  • Utdeling av Fou-prisen 2010

    Publisert

    FoU-prisen ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda går i år til professor Tor-Johan Ekeland ved Avdeling for samfunnsfag og historie. Prisen vert delt ut i biblioteket fredag 24. september kl. 11. Alle er hjarteleg velkomne! I samband med utdelinga har biblioteket laga til ei lita utstilling som viser arbeidet til Ekeland.

  • Fokus på pedagogikktidsskrift

    Publisert

    Vi har laga til ei utstilling med dei ulike tidsskrifta innan pedagogikkfaget som vi har i abonnement i trykt utgåve. Kom og ta ein titt, då vel. Lånetida for tidsskrifthefte er to dagar.

  • APA-standarden - kva er det?

    Publisert

    APA-standarden er ein metode du kan bruke i skriftlege arbeid når du skal vise til kjelder og lage litteraturliste. APA er ein anerkjend og mykje brukt referansestil, spesielt innan samfunnsfag og psykologi.

  • Instruksjonsfilm om Bibsys Ask

    Publisert

    Er du ny student og treng ei rask innføring i korleis du søker opp ei bok i databasen vår, Bibsys Ask? Eller kanskje du har hatt lang sommarferie og treng å friske opp kunnskapane dine om korleis ein gjer det?

  • Bokutstilling om Anders Hovden (1860-1943)

    Publisert

    I år er det 150 år sidan Anders Hovden vart fødd i Hovdebygda i Ørsta. Anders Hovden tok embetseksamen i 1866 og virka sidan som prest fleire stader, m.a. på Lista, i Krødsherad, i Melhus og på Toten. Han engasjerte seg i norskdomsrørsla - som målmann, talar på ungdomsstemne og som kulturdebattant.

  • Tidsskrift for nordiske språk og språkforsking

    Publisert

    Frå og med i dag og ut semesteret set vi fokus på tidsskrift for nordiske språk og språkforsking. Tidsskrifta står utstilte på eigen plass i biblioteket, så vi oppmodar alle som er interesserte om å kome og ta ein titt!

  • Søkemotoren Infotopia

    Publisert

    Brukar du stort sett Google, når du leitar etter informasjon på nettet? Kanskje du skal prøve Infotopia neste gong. Infotopia er ein akademisk søkemotor som gir tilgang til kvalitetssikra nettsider valt ut av bibliotekarar og lærarar. Du finn gode nettsider innan dei fleste fagområde, og søkemotoren er fin å bruke for både studentar og undervisningspersonale.

  • JSTOR - ny databaseressurs i biblioteket!

    Publisert

    Vi abonnerer no på den amerikanske databasen JSTOR (Journal Storage). Dette er eit arkiv over internasjonale vitskapelege tidsskrift i fulltekst, hovudsakleg innanfor humanistiske og samfunnsvitskapelege fag.