Bibliotek

  • Biblioteket er på Facebook

    Publisert

    Høgskulebiblioteket Volda har oppretta ein profil på Facebook. Berre i løpet av nokre få dagar har vi fått meir enn 60 "venner", og no håpar vi at flest mogeleg studentar og tilsette oppdagar oss og vil bli venn med oss!

  • Gledeleg aktivitetsauke i biblioteket

    Publisert

    Den positive trenden med aukande utlånstal i biblioteket heldt fram også i 2009. Det totale utlånet i fjor var på 65 780 dokument, ein auke på 6.2% i høve til 2008. Dette er spesielt overraskande og gledeleg med tanke på at biblioteket var stengt 8 veker i sommar, pga. omlegging til radiobrikker.

  • Bokelskere.no

    Publisert

    Er du ein bokelskar? På nettstaden bokelskere.no kan du diskutere bøker med andre bokelskarar. Her kan du lage di eiga boksamling, sortere bøkene dine i bokhyller og finne andre med same lesesmak som deg. Du kan sjå kva andre les akkurat no, og du kan delta i diskusjonar om bøker.

  • BMJ Best Practice - tilgjengeleg gjennom Helsebiblioteket frå nyttår

    Publisert

    Gjennom den nasjonale avtalen med Helsebiblioteket har vi fått gratis tilgang til oppslagsverket BMJ Best Practice. Dette er eit medisinsk og helsefagleg oppslagsverk for primær- og spesialisthelsetenesta. Oppslagsverket inneheld informasjon om m.a. diagnosar, prognosar, behandling og førebygging. Best Practice vert utforma av spesialistar og tek inn påliteleg kunnskap frå oppdatert forsking.

  • The Economist - gratis tilgang gjennom avtalen med Helsebiblioteket

    Publisert

    Gjennom den nasjonale avtalen med Helsebiblioteket har vi tilgang til ei rekkje ulike tidsskrift. Eit av desse tidsskrifta er The Economist. Her kan du mellom anna lese handelsanalysar eller få innsikt i internasjonale nyhende, politikk, finans eller vitskap og teknologi, så vel som kulturelle trendar og industri.

  • Språk og litteratur - ny fagside!

    Publisert

    Den nye fagsida for språk og litteratur er no klar! Her presenterer vi fulltekstdatabasar, referansedatabasar, leksika, ordbøker og aktuelle nettstader innanfor fagfeltet. Klikk på "Fagsider" i menyen, og deretter på "Språk og litteratur" for å få opp sida.

  • Fagside for historie

    Publisert

    Vi har no laga ei heilt ny fagside for historie. Her finn du lenker til aktuelle nettstader, databasar, oppslagsverk, tidsskrift og aviser innan historiefaget. Klikk på Fagsider i menyen, og deretter på Historie for å få opp sida.

  • Det nynorske nettleksikonet Allkunne er på lufta!

    Publisert

    Det nynorske nettleksikonet Allkunne vart lansert 20. oktober med arrangement i Aasen-tunet, på Bryne, i Førde, Oslo og på Ål. Hovudlanseringa fann stad i Oslo, der kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell stod for den formelle opninga.
    Direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, er hovudredaktør for Allkunne.

  • PsycARTICLES - psykologitidsskrift i fulltekst

    Publisert

    Gjennom Helsebiblioteket har vi tilgang til PsycARTICLES, ein database som tilbyr fullteksttilgang til tidsskrifta frå APA - American Psychological Association. Dette er svært sentrale publikasjonar.