Bibliotek

  • EndNote Web

    Publisert

    Som ein del av avtalen med ISI Web of Knowledge, tilbyr biblioteket alle tilsette og studentar tilgang til EndNote Web. EndNote er eit referansehandteringsprogram som hjelper deg med å ta vare på og halde orden på litteraturreferansane dine, slik at du seinare kan sette inn siteringar og litteraturliste i FoU-arbeidet ditt eller masteroppgåva di.

  • Darwin på biblioteket - quiz og utstilling

    Publisert

    Biblioteket markerer Darwin-jubileet med ei bokutstilling under Forskingsdagane. Det er i år 200 år sidan Charles Darwin vart fødd og 150 år sidan verket "The Origin of Species" kom ut første gong.

  • Ordsiden.no

    Publisert

    Ordsiden.no er ein gratis ressurs som ligg fritt tilgjengeleg på nettet. Du søkjer i ei samlinga av ordbøker, spesialordlister og oppslagsverk. Mellom anna får du treff frå Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Store Norske Leksikon.

  • Minuskel - bokskattar på nett

    Publisert

    Er du interessert i gamle og sjeldne bøker? Kanskje du kan tenkje deg å ta ein titt i den første norske innføringsboka i psykologi frå 1897? Eller kanskje du er meir interessert i det handskrivne tidsskriftet Le sourire med illustrasjonar av Paul Gauguin? Då er databasen Minuskel noko for deg.

  • Betre studieteknikk - betre student!

    Publisert

    Både ferske og erfarne studentar kan ha nytte av å sjå nærmare på sin eigen studieteknikk. Med god studieteknikk sparer du tid, og det vert lettare å nå dei måla du ønskjer.

  • Idé- og ressursbank for fysisk aktivitet

    Publisert

    Førre veke lanserte Utdanningsdirektoratet ein idé- og ressursbank for fysisk aktivitet. Akkurat no finn du 105 aktivitetar i ressursbanken, i tillegg til rettleiingsmateriale, faktastoff og relevante lenker.

  • Forskningsetisk bibliotek (FBIB)

    Publisert

    Forskningsetisk bibliotek (FBIB) er ein ny, open internettressurs i forskingsetikk. Det er resultatet av ei satsing frå De nasjonale forskningsetiske komiteer, og er realisert gjennom eit samarbeid med alle dei sju universiteta i landet. FBIB tilbyr ei mengde ferske tekstar innan eit breidt spekter av forskingsetiske emne, spesialforfatta av over 50 forskarar og forskingsetikarar.

  • Vi har fått nytt utlånssystem!

    Publisert

    Biblioteket har brukt sommaren til å legge om utlånssystemet frå strekkoder til radiobrikker. Det har vore ein stor sjau, men vi har kome godt i mål. Nokre barnesjukdommar må vi rekne med, men alt i alt trur vi det skal fungere godt.

  • WolframAlpha - noko heilt anna enn Google!

    Publisert

    Søkjemotoren WolframAlpha er no på lufta! Dette er ikkje ein søkjemotor i vanleg forstand, men ein kunnskapsmotor som brukar avansert matematikk for å rekne ut svara. Enkelte har omtalt WolframAlpha som ein utfordrar til Google. På nokre måtar stemmer nok det, men dei to tenestene er likevel svært forskjellige.

  • Sivert Aarflot-jubileet 2009

    Publisert

    I år er det 250 år sidan folkeopplysningsmannen Sivert Aarflot vart fødd og 200 år sidan oppstarten av Aarflots prenteverk.
    Biblioteket ved HVO vil gjerne vere med på markeringa av jubileet. I det høvet har vi laga til ei bokutstilling, med materiale frå eigne samlingar, som set søkjelys på verksemda til Sivert Aarflot.