Bibliotek

  • Har du ein historie å fortelje?

    Publisert

    I høve Kulturminneåret 2009 inviterer ABM-utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum) alle til å leggje inn forteljingar på Digitalt fortalt. Digitalt fortalt er personlege forteljingar knytte til kulturminne frå heile landet.

  • Samisk nasjonaldag 6. februar

    Publisert

    I høve Samisk nasjonaldag 6. februar har biblioteket laga til ei lita utstilling. Nasjonaldagen vart vedteken av Samekonferansen i 1992 og er felles for alle samar i Noreg, Finland, Sverige og Russland.

  • FORMakademisk - nytt forskingstidsskrift

    Publisert

    FORMakademisk er eit nytt forskingstidsskrift for design og designdidaktikk. Tidsskriftet er basert på Open Acess, og er såleis tilgjengeleg for alle interesserte. Målsetjinga til FORMakademisk er å skape ein arena for forsking innan design og designdidaktikk, og gjennom dette utvikle eit interesse- og arbeidsfellesskap for forskarar på feltet.

  • Den internasjonale Holocaustdagen

    Publisert

    Biblioteket markerer den internasjonale Holocaustdagen 27. januar med ei lita utstilling. Holocaustdagen er til minne om den 27. januar i 1945 då styrkar frå den sovjetiske Raude armé frigjorde dei om lag 7000 attverande og overlevande fangane i Auschwitz.

  • BIBSYS på Facebook

    Publisert

    BIBSYS har som mål å gjere kunnskap tilgjengeleg i alle kanalar. Ein av dei viktigaste kanalane for spreiing av informasjon og kunnskap, er i dag den sosiale nettverkstenesta Facebook. Då er det naturleg at ein får tilgang til søk i BIBSYS Ask via denne tenesta.

  • Emner i skjønnlitteratur

    Publisert

    Vi får rett som det er spørsmål om vi kan hjelpe til med å finne barnebøker om eit spesielt emne eller tema. Hittil har vi ikkje hatt noko godt reiskap til å orientere oss på dette området. Vi er difor glade for at vi no kan tilby søk i basen Emner i skjønnlitteratur.

  • Digitalt tidsskrift om nordisk barnehageforsking

    Publisert

    I haust vart det lansert eit nytt digitalt vitenskapeleg tidsskrift om nordisk barnehageforsking. Her har nordiske forskarar fått ein felles møteplass og formidlingskanal når det gjeld barnehageforsking. Tidsskriftet er basert på Open Acess og er såleis fritt tilgjengeleg for alle interesserte.

  • Europeana - felles nettstad for europeisk kulturarv

    Publisert

    Europeana, den felles nettstaden for europeisk kulturarv, har opna. Det ligg allereie to millionar digitale objekt på Europeana, og meir kjem til kvar einaste dag, frå arkiv, bibliotek og museum over heile Europa. Etter den offisielle opninga 20. november vart pågangen så stor at serveren braut saman og nettstaden måtte stenge nokre veker. No er basen oppe igjen, med ei betre og meir robust nettløysing.

  • Prøvetilgang på Research Starters - Education

    Publisert

    Gjennom databaseverten Ebsco har vi fått prøvetilgang på Research Starters - Education. Dette er ein database med forholdsvis omfattande bakgrunnsartiklar som trekkjer opp dei store linjene innan faget utdanning.

  • Nytt abonnement: Grove Music Online

    Publisert

    Biblioteket har teikna abonnement på Grove Music Online, eit omfattande engelskspråkleg leksikon med tilgang til meir enn 50.000 artiklar om musikk. Her finn du grundige artiklar om komponistar, utøvarar, musikkhistoriske retningar, verktypar, sjangrar, osv.