Lærarutdanninga

  • Aktuelle deltidsstudium ved Høgskulen i Volda

    Publisert

    - Høgskulen i Volda har sett fokus på deltidsstudenten og arbeidslivet sitt kompetansebehov, og har tilrettelagt utdanningar for dei som har behov for å kombinere studium og arbeid, seier rektor Gunnar Stave. Høgskulen tilbyr no over 60 deltidstilbod.

  • Aristokatt i Volda aktuell i "Lange flate ballær"

    Publisert

    Tidlegare dramastudent Henrik Morken Nielsen gjorde stor suksess i Volda då han spelte bakgardskatten O’Malley i dramastudentane si oppsetning av Aristokattane. No er han aktuell i filmen "Lange Flate Ballær" som har noregspremiere i dag. – Dramastudiet i Volda var ei nyttig erfaring som har kome godt med, kommenterer han.

  • Volda med i Norad sitt lærarutdanningsprogram Sør-Nord

    Publisert

    Høgskulen i Volda skal ta del i Lærerutdanningsprogram Sør-Nord, eit program i regi av Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) og Senter for internasjonalisering av høyere utdanning (SIU). Prosjektet inneber for vår del ein god del felles seminar og arbeidsmøte både her i Volda og i Malawi, melder Odd Ragnar Hunnes ved lærarutdaninga i Volda.

  • Ny rapport om musikk i begynnaropplæringa i grunnskulen

    Publisert

    Førstelektor Reidun Åslid Bjørlykke har gjeve ut forskingsrapporten Musikk i begynnaropplæringa i grunnskulen. Forskingsrapporten er eit studium av musikkfaget i småskulesteget frå 1994 og fram til 2003. Ho har teke føre seg læreplanar og lærarar sine oppfatningar av måla for musikkfaget.

  • Spanske basketball- og skilærarar kjem til Volda

    Publisert

    - Allereie neste veke kjem Jordi Fernandez frå Universitat de Lleida (UdL) for å førelese ved Kroppsøving årsstudium. Fernandez er basketballspelar på høgt nivå i Spania og underviser i ballspel ved UdL. Høgskulen i Volda og UdL har no blåst liv i ein utvekslingsavtale gjennom Erasmusordninga.

  • Opplevde snø for første gong

    Publisert

    - But, … the sun is shining, why is it so cold? How can it be cold when it is so nice and sunny, spurde dei afrikanske utvekslingsstudentane som kom til Volda denne veka. Dei tek del i Fredskorpsprosjektet, og reiste frå 38 varmegrader i Namibia og Malawi til minusgradene i Volda.

  • Fagdag for førskulelærarutdanninga i Volda

    Publisert

    - I dag er faglærarar, saman med styrarar og øvingslærarar frå praksisbarnehagane i førskulelærarutdanninga samla til fagdag ved Høgskulen i Volda. Lærebokforfattar Anne Tove Fennefoss held innlegg om praksisforteljing som læringsstrategi i barnehage og utdanning.

  • Konsert med Høgskulekoret laurdag og søndag

    Publisert

    - Det er songar frå film og scene som står på repertoaret til helga, fortel dirigent og høgskulelektor Leif Barmen. Med eige band og solistar frå musikkmiljøet ved Høgskulen i Volda arrangerer Høgskulekoret konsert både laurdag 11. og søndag 12. mars kl. 18.00 i Henrik Kaarstad-huset.

  • Fire referee-vurderte artiklar i internasjonale tidsskrift

    Publisert

    I løpet av siste året har førsteamanuensis Irene Velsvik Bele fått antatt fire referee-vurderte artiklar for publisering i internasjonale tidsskrift. Bele har doktorgrad i spesialpedagogikk frå UiO, og underviser på masterstudiet i spesialpedagogikk m.a. i språkvanskar, lese-skrive- og matematikkvanskar.