Volda med i Norad sitt lærarutdanningsprogram Sør-Nord
Høgskulen i Volda skal ta del i Lærerutdanningsprogram Sør-Nord, eit program i regi av Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) og Senter for internasjonalisering av høyere utdanning (SIU). Prosjektet inneber for vår del ein god del felles seminar og arbeidsmøte både her i Volda og i Malawi, melder Odd Ragnar Hunnes ved lærarutdaninga i Volda.
- Det første seminaret vert arrangert her i Volda rett etter påske med besøk frå Malawi. Då vil også fagfolk både frå Avdeling for lærarutdanning og Avdeling for samfunnfag ta del.
Auke demokratisk medvit
- Vi samarbeider med Chancellor College i Malawi, der lærarutdanninga ved Universitry of Malawi ligg. Prosjektet vårt heiter "Capasity Building for Democracy in Teacher Education: Malawi and Norway," og har som hovudmål å auke medvitet rundt demokrati og dei kjerneverdiar, haldningar og prosessar det inneber, forklarar Hunnes.
Kontrastane mellom Malawi og Noreg
- Fokusgruppene er lærarutdannarar, lærarstudentar og til og med elevar i utvalde miljø.
- Vi har stor nytta av å samanlikne og å sjå kontrastane mellom det unge demokratiet i Malawi og Noreg, som har lange demokratiske tradisjonar, seier Hunnes.
Produksjon av læremateriell
- Gjennom lesing, studering og dialog definerer og skildrar vi konsepta med utgangspunkt i kunnskap og prosessar slik vi kjenner dei. Vi identifiserer oppfatningar og spor av demokrati i utvalde skular og miljø, og bygg vidare på desse.
- Prosjektet vil produsere ulike læremateriell som skal nyttast i lærarutdanning både i Malawi og i Noreg, i tillegg til døme på korleis ein kan prøve ut demokratiske prosedyrar i klasseroma.
Les meir om Lærerutdanningsprogram Sør-Nord