Ny rapport om musikk i begynnaropplæringa i grunnskulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

pianobarn520

Forskingsrapporten følgjer musikkfaget på småskulesteget frå 1994 og fram til 2003, ein periode der det var gjennomført store endringar for dette steget.

Ulike lærargrupper
Førstelektor Reidun Åslid Bjørlykke studerer ulike lærargrupper i rapporten, og omtalar slik ulike lærarar sine oppfatningar av musikkfaget.
Ho set fokus på korleis lærarar oppfattar intensjonane for musikkfaget,  og korleis dei realiserer og prioriterer måla i praksisen sin.
I tillegg presenterer Åslid Bjørlykke målformuleringar i læreplanane.

Påverking
Rapporten omtalar også andre tilhøve som verkar inn på musikkopplæringa på småskulesteget.
Ho ser spesielt på kva verknader skulereformer har på musikkfaget, men også på kva nivå i skulesystemet som er avgjerande når ein skal stimulere til endring.


Tittel
: Musikk i begynnaropplæringa i grunnskulen
- Studium av musikkfaget i læreplanar og lærarars oppfatningar av mål for musikkfaget: Intensjon, realisering og prioritering

Forskingsrapport nr. 60, ISBN 82-7661-242-3
Til sals hjå Gnist Møre for 200 kr.

Del på