Fire referee-vurderte artiklar i internasjonale tidsskrift

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Bele fått antatt fire referee-vurderte artiklar for publisering i internasjonale tidsskrift, Logopedics Phoniatrics Vocology og Journal of Voice.

Det første er indeksert i Index Medicus/MEDLINE og det sistnemde er det verdsleiande tidsskriftet innan stemmemedisin og –forsking, lista i Index Medicus og indeksert av Institute for Scientific Information (ISI), ein database spesielt brukt til å analysere akademisk naturvitenskapleg og medisinsk forsking. To av artiklane er alt trykte og to er ”in press”, som det heiter. Artiklane er innan fagområdet biomed, er relatert til stemma, som var substansen i Bele si doktoravhandling, og omfattar både grunnforsking og interessante metodologiske perspektiv. Bele fortel at arbeidet med internasjonale artiklar er ein lang prosess, og at det gjerne tek inntil 2 år frå ein sender inn første utkast til artikkelen kjem i trykken.

Effekten av stemmetrening

Den første artikkelen vart publisert i Logopedics Phoniatrics Vocology i juli 2005, og er ein gjennomgang og oppsummering av studier om effekten av ulike typer stemmebehandlingsmetoder, f.eks. å blåse i rør av ulike lengder og tjukkelser, ein metode som har lange tradisjonar innan arbeid med stemmer i Finland. No er denne enkle metoden blitt svært anerkjend internasjonalt, og er også populær i Norge, sjølv om vi ikkje har visst kvifor metoden var effektiv. Artikkelen oppsummerar ny finsk og amerikansk forsking som viser at ei forlenging og innsnevring av resonansrøret ved at ein bles med lyd på stemma gjennom t.d. eit sugerør, gir endringar i lufttrykket som fjernar belastninga frå stemmemuskulaturen, og er dermed ein sikker vinnar i trening av stemmer. Dette gjeld både dårlege stemmer og vanlege stemmer, som t.d. treng styrking fordi ein må prate mykje.

Om reliabilitet i vurderingar

I desember 2005 kom Reliability in Perceptual Analysis of Voice Quality, der eit lyttarpanel evaluerte visse kvalitetar i talestemmer og brukte VA-skalaer (visual analouge scales, dvs. kontinuerlige skalaer) i skaleringa. Stemmene vart studerte på ulike styrkenivå. Problematikken er her reliabilitet i vurderingar, ein studie av kor påliteleg ei gruppe som vurderar et fenomen, her stemmekvalitet, er. I tillegg til å sjå på kva erfaring og talet på vurderarar har å seie for reliabiliteten, vart også stabiliteten i vurderingane studert.

Taleformanten i talestemmer

Den tredje artikkelen, The Speaker’s Formant (under trykking), har klart preg av grunnforsking. Artikkelen gir eit viktig bidrag til stemmeforskinga på leit etter et fenomen i stemmer som Bele har kalla ”taleformanten”, som er assosiert med ei tett, effektiv og klangfull talestemme. Det betyr at den som snakkar vert mindre sliten i stemma og at lyttarar høyrer godt det som vert sagt. Metodane som vart nytta var akustiske målingar med gjennomsnittlege langtidsspektrums-analyser (LTAS), der eit snitt av talen over eit visst tidsrom vart studert, i tillegg til å studere formantar i utvalde fonetisk lange vokalar i spektrogram. På den måten vart det samme fenomenet, taleformanten, studert frå to metodiske innfallsvinklar, og viste seg som eit klar topp av deltonar i øvre frekvensområdet i spektrum og ei senking av fjerde formanten i vokalane i gode og klangfulle stemmer. Desse objektive akustiske funna vart kopla mot lyttarane sine vurderingar, og kunne dermed vere med å validere dei meir subjektive evalueringane.

Kva høyrer vi i ei stemme?

Den fjerde artikkelen, Dimensionality in Voice Quality (i trykken), beskriv utviklinga av ein valid metode for vurdering av normale og klangfulle stemmer. I ein eksplorerande faktoranalyse utkrystalliserar det seg fire hoveddimensjonar i persepsjon av stemmene, delvis samanfallande med funn i tidlegare studiar av andre typer stemmer. Dette indikerer at vi oppfattar visse grunntrekk når vi lyttar til stemmer, som t.d. variasjon i stemmeleie/stemmestyrke og stemmeklang, knirk og ruhet/grovhet, grad av ”luft”/tetthet i stemma og kor anstreng stemma høyrest ut. Ved auka stemmestyrke endrar faktorane seg, og det at stemma er ”ringande” og bær godt ut til lyttaren, vert då ein sentral faktor.

Kanskje kan dette vise seg å være universelle faktorar i persepsjon av stemmer. Men kulturelle og fonologiske særtrekk i ulike språk vil og spele inn her. Det karakteristiske danske ”støtet” er t.d. ein normal lyd i dansk, medan det i dei fleste andre språk vert rekna som ein avvikande måte å bruke stemma på, det vi kallar knirk, og vil skade våre stemmer om vi har for mykje av det.


Studiane gir viktig kunnskap til alle som er opptekne av stemma; logopedar, audiopedagogar, sangpedagogar, stemmeforskarar og professjonelle stemmebrukarar som t.d. lærarar. Med store krav til stemma i yrket er det er viktig å vite kva som gjer at stemmer er gode, funksjonelle og fleksible; dvs. kan varierast etter behov.


Førsteamanuensis Irene Velsvik Bele er tilsett ved Avdeling for lærarutdanning ved Høgskulen i Volda, der ho underviser på masterstudiet i spesialpedagogikk, m.a. i språkvanskar, lese-skrive- og matematikkvanskar. 
Bele har doktorgrad i spesialpedagogikk frå UiO i 2002.

Artikkel i Logopedics Phoniatrics Vocology

Artikkel i Journal of Voice
Trykte artiklar i Dimensionality in Voice Quality og The Speaker’s Formant

Del på