Nyhende

  • Thumbnail

    Val av rektorat klart

    Publisert

    Rektorvalet for 2018 vart avslutta fredag 7. desember og Johann Roppen og Odd Helge Mjellem Tonheim er valt som rektor og prorektor frå august 2019.

  • Thumbnail

    Med i nasjonal arbeidsgruppe

    Publisert

    En ekstern eksamensgruppe, nedsatt av Kunnskapsdepartementet, skal bistå i arbeidet med å utrede et helhetlig system for eksamen og fagfornyelsen. Professor Siv Therese Måseidvåg Gamlem ved Institutt for pedagogikk ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er med i gruppen.

  • Thumbnail

    Vidareutdanning: Helsefag for sosialarbeidarar

    Publisert

    Endringar i organiseringa av velferdstilbod fører til at sosialarbeidarar i dag møter situasjonar der helsefagleg kompetanse vert etterspurt. Høgskulen i Volda tilbyr som den einaste høgskulen i landet vidareutdanninga «Helsefag for sosialarbeidarar». Det tredje kullet startar på nyåret 2019.

  • Thumbnail

    Fire vidareutdanningstilbod for lærarar i KfK

    Publisert

    Høgskulen i Volda skal tilby fire vidareutdanningstilbod for lærarar i dei neste 3 åra innanfor strategien Kompetanse for kvalitet (KfK). – I alt betyr dette 170 nye vidareutdanningsplassar for lærarar i faga kunst og handverk, programmering og spesialpedagogikk, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for lærarutdanning.

  • Thumbnail

    To nye samspelrom ved musikkutdanninga

    Publisert

    – Musikkstudentane våre har i mange år ytra eit sterkt ønske om fleire samspelrom. I dag er vi glade for at vi kan opne to slike fullt utstyrte rom i Henrik Kaarstad-huset, sa dekan Aud Folkestad ved Avdeling for kulturfag i høve opninga av romma onsdag.

  • Thumbnail

    Emmy Elizabeth Langøy har disputert ved NTNU

    Publisert

    Emmy Elizabeth Langøy disputerte 23. november 2018 for ph.d.-graden ved NTNU med avhandlingen «Livsløp i ulendt terreng? Tidligere særvilkårselevers ferd mot voksenlivet».

  • Thumbnail

    Lord overfører Aardman til dei tilsette

    Publisert

    Peter Lord, legendarisk animatør og ein av grunnleggarane av det Oscar-vinnande animasjonsstudioet Aardman i England, overfører selskapet til dei tilsette. Peter Lord er også professor ved animasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda. –Eg er glad for at han sikrar den kreative arven og den kunstnarlege fridomen til Aardman på denne måten, seier professor Gunnar Strøm.

  • Thumbnail

    Opning av meirope bibliotek på HVO

    Publisert

    Onsdag 21. november var det offisiell opning av meirope bibliotek på HVO. Det første meiropne biblioteket i Noreg opna i september 2013 i Stavern, og dei siste åra har stadig fleire folkebibliotek og bibliotek i universitet og høgskular begynt med meirope.