Nyhende

  • Thumbnail

    SKAL STUDERE LOKALVAL

    Publisert

    Førsteamanuensis Bjarte Folkestad ved Avdeling for samfunnsfag og historie er med i eit forskingsprosjekt om lokaldemokrati innanfor forskingsrådsprogrammet DEMOS. Det er lokalvala i 2019 og 2023 som skal undersøkast. I forskargruppa er det med forskarar frå universiteta og forskingsinstitutt i Oslo og Bergen.

  • Thumbnail

    HVO-forskarar til Shakespeare-konferanse i Venezia

    Publisert

    The Bergen-Volda Shakespeare Network (BVSN) arrangerer ein konferanse 14.-16. november ved Ca’ Foscari-universitetet i Venezia. Ei internasjonal samling av forskarar skal legge fram og diskutere forskingsarbeid om Shakespeare og andre renessanseforfattarar sine verk i samtida og notida.

  • Thumbnail

    Nordiske filmdagar i Lübeck

    Publisert

    Professor Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag skal ta del på dei Nordiske filmdagane Lübeck i denne veka. Filmfestivalen er den største festivalen for nordiske filmar utanfor Norden og dei arrangerer også forskingsseminar om film der Werenskjold skal leie ei av seminargruppene.

  • Thumbnail

    Per Halse blir vikarierande høgskuledirektør

    Publisert

    Høgskulestyret vedtok i møte 23. oktober å gje professor Per Halse tilbod om engasjement som vikar som høgskuledirektør i tida Karen Lomeland Jacobsen har permisjon

  • Thumbnail

    NAFOL-konferansen 2018

    Publisert

    Måndag 22. oktober til onsdag 24. oktober 2018 arrangerte Nasjonal forskarskule for lærarutdanning (NAFOL) den femte internasjonale konferansen på Hamar. NAFOL er drive av 17 universitet og høgskular, mellom andre Høgskulen i Volda.

  • Thumbnail

    – BEHOV FOR FLEIRE NATURGUIDAR

    Publisert

    – Det er eit stort behov for naturguidar, seier dagleg leiar i 62°NORD Knut Flakk og fagmiljøet i friluftsliv ved Høgskulen i Volda. Det ligg no an til eit samarbeid mellom 62°NORD og Høgskulen i Volda for å gjere naturguideutdanning meir kjent, auke talet på studieplassar og å utvikle reisemål i sunnmørsk natur.

  • Thumbnail

    Opa førelesing med professor Gunhild Hagestad

    Publisert

    Professor i sosiologi, Gunhild Hagestad, vitjar Høgskulen i Volda og vil halde ei opa førelesing med tittelen «Gode grunner for å ta livsløpsperspektivet på alvor», tysdag 30. oktober kl. 1315.

  • Thumbnail

    Samarbeid om barnehagebasert utviklingsarbeid

    Publisert

    Dei fem kommunane som skal bli nye Ålesund har inngått eit samarbeid med Høgskulen i Volda om barnehagebasert utviklingsarbeid for tilsette i barnehagane. Bakgrunnen for samarbeidet er ny rammeplan for barnehagen.