Oppdrag

  • Hoppa bukk over kyrkjebenkane

    Publisert

    Dansar Solveig Styve Holte (opphavleg frå Folkestad) og vokalist Hanna Gjermundrød, begge 24 år, er deltakarar på årets Prøveklut med prosjektet ”Løype! ” Ein verkstad og ei interaktiv framsyning i kyrkjeromet for born frå seks år og oppover.

  • Tre glade pionerar

    Publisert

    Ann Kristin Bjørnnes, Linda Otneim og Bjørg-Petra Brekke smilte breitt i det dei vandra ut frå munnleg eksamen. Dei er dei tre første som fullfører mastergraden i helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering. Både sensor, professor Kristin Tornes frå Høgskolen i Molde, og fagansvarleg ved Høgskulen i Volda, Jon Olav Myklebust, var godt nøgde med kandidatane.

  • Kunstverket lever!

    Publisert

    I går kveld vart det klart at Kulturrådet satsar på Kunstverket i Volda. -Med ei støtte på over ein halv million kroner kan arbeidet med eit senter for kulturproduksjon og kulturformidling halde fram, seier ein glad prosjektleiar, Marit Ulvund.

  • Dagsseminar om nyskaping, 17. april kl. 09.00-13.30 i Berte Kanutte 158

    Publisert

    Seminaret er aktuelt for både studentar og tilsette, og vil sette søkelys på kommersialisering av forskingsresultat og nyskapande studentarbeid. Har du ein forretningside basert på forsking eller nyskapande arbeid? Seminaret vil gi deg tips til korleis du kan utvikle ideen vidare.

  • Høgskoleforskning møter næringslivets behov

    Publisert

    Høgskolelektor Bjørn Gunnar Tafjord ved Høgskulen i Volda (HVO) er prosjektleder for Forskningsrådsprogrammene VRI og FORNY. Målet med disse prosjektene er å bidra til innovasjon og videreutvikling av samarbeidet mellom HVO og det regionale næringsliv.

  • Kurs om skredfarevurdering og redning i januar

    Publisert

    16. januar startar eit kurs om skredfarevurdering og redning i samband med skred/snøras i regi av Høgskulen og Natura. -Opplegget vert avslutta med ei heil kurshelg, mest truleg på studenthytta Blåbu 25. - 27. januar, melder Magnus Utsogn, leiar i studentane sitt friluftslag - Natura.

  • Skredsamling på studenthuset Rokken

    Publisert

    Måndag 03. desember vert det arrangert skredsamling på Rokken kl 19.00. Leiar i Natura, Magnus Utsogn, oppmodar alle som har tenkt seg til fjells i vinter om å kome.

  • Vevsidelansering med Bragepris-vinnar og elevar

    Publisert

    I desember lanserer Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) fleire nye nettressursar. Lanseringa vert markert onsdag 5. desember kl. 12.15 i det store auditoriet i Berte Kanutte-huset på Høgskulen i Volda. Dit kjem Bragepris-vinnaren Linn T. Sunne, og fleire klassar frå Volda ungdomsskule vil vere til stades. På lanseringa vil Nynorsksenteret presentere den nye versjonen av vevsida si, nynorsksenteret.no, og dei nye ressursane som kjem der.

  • Høgskulen i Volda fokuserer på kvinner og verdiskaping

    Publisert

    I samarbeid med Noregs forskningsråd arrangerer Høgskulen i Volda den 17. og 18. oktober eit inspirasjonsseminar for kvinnlege tilsette/forskarar og studentar for auka verdiskaping i vårt distrikt. -Vi vil gi inspirasjon, ideutvikling og konkretisering av kommersialiserbar kunnskap og forsking, med mål om å mobilisere kvinner til å skape nye arbeidsplassar, seier Bjørn Gunnar Tafjord, prosjektleiar for forskningsprogramet FORNY.