Studentliv

  • Eksamensutstillig for kunst- og handverksstudentane

    Publisert

    - Her er stresslessen si historie, smiler Thorstein Vasset, høgskulelektor for kunst- og handverksstudentane ved Høgskulen i Volda. Dei har eksamensutstilling som opnar for publikum onsdag 15.12. mellom 18.00 og 20.00 i Henrik Kaarstad-huset, auditoruim ABC.

  • Utvekslingsavtale med universitet i Sør-Afrika

    Publisert

    - Avtalen vi har inngått med University of Kwazulu-Natal i Durban omfattar både student- og lærarutveksling, begge vegar. Vi ser fram til å kunne ta i mot studentar frå Sør-Afrika, og også legge til rette for at lærarar kan ha kortare undervisningsopphald, fortel høgskuledirektør Jacob Kjøde jr., som initierte avtalen etter eit besøk i det spennande landet.

  • Eventyrleg forelesing om barnelitteratur

    Publisert

    - Eg har knappast ord, her er ubeskriveleg, strålar professor Gabriella Komaromi frå Universitetet i Kaposvar i Ungarn. Denne veka vitjar ho Høgskulen i Volda for å møte studentar og kollegaer, og for å gjere seg kjend i området. I morgon kan du høyra henne forelese.

  • Dørum støttar kriminalitetsførebygging i Volda

    Publisert

    - For tredje år på råd har vi fått positivt svar på søknaden vår om støtte til studietur til Swansea i Wales for studentane på mastermodulen i kriminalitetsførebygging, fortel internasjonal koordinator ved Høgskulen i Volda, Cecilie Wilhelmsen.

  • Representant i den Nasjonale Unionen for studenter i Europa

    Publisert

    - Dette er en spennende utfordring, sier organisasjonssekretær for Studenttinget i Volda, Øyvind Bakke (28). Han har nettopp blitt valt inn i ESIB – som er den Nasjonale Unionen for studenter i Europa, en internasjonal studentorganisasjon med representanter frå 37 land.

  • Spennande studentopphald i Russland

    Publisert

    - Eg har det utroleg fint i St. Petersburg, mykje betre enn eg hadde trudd på førehand, fortel Helene Imislund, som studerer andre året på bachelorgraden sin i journalistikk. No tek ho russisk ved University of St. Petersburg, og opphaldet i ein av Russlands mest spennande byar vert ein integrert del av bachelorgrada hennar i journalistikk.

  • Spennande praksis i Kenya

    Publisert

    16 studentar frå Høgskulen i Volda har praksis i Kenya. Det er studentar frå barnevernsutdanninga, sosionomutdanninga og allmennlærarutdanninga som no jobbar i eit barnevernsprosjekt for den kenyanske barnevernsorganisasjonen Child Welfare Society of Kenya.

  • 60 000 kroner til tillitsvalde

    Publisert

    - Studenttinget i Volda (STIV) har fått 60 000 kroner for å arrangere samling for dei klassetillitsvalde, fortel infromasjonsansvarleg Tone Fridén i STIV. Leiinga ved Høgskulen gjekk samla inn for denne storsatsinga.

  • Grenselause moglegheiter

    Publisert

    På eit nasjonalt seminar om internasjonalisering i Trondheim denne veka fekk vi presentert ei rekkje nye internasjonale program, fortel internasjonal koordinator ved Høgskulen i Volda, Cecilie Wilhelmsen. Det er grenselause moglegheiter for både studentar, lærarar og forskarar til å kome seg ut i verda.