Studentliv

  • Studentar til topps på Mount Kenya

    Publisert

    - Då natta kom og vi skulle legge oss, vart mange overraska over eit yrande edderkoppliv inne i hytta vi skulle sove i, skriv Odd Robert Støylen i reisebrevet frå Kenya. Han er ein av studentane ved årsstudium i samfunnsfag som no er på ein seks vekers studietur til Afrika. Sist veke erobra dei Mount Kenya. – Heilt rått, kommenterte Støylen på e-post.

  • Dramastudentane set opp Under Milkwood

    Publisert

    - No gleder vi oss kjempemasse, strålar Bergit Sunde. Ho er dramastudent ved Høgskulen i Volda og er med på oppsetjinga av Under Milkwood av Dylan Thomas. Dramastudentane framfører forestillinga i teatersalen ved Høgskulen i Volda denne veka.

  • Stor levekårsundersøking mellom studentane i Volda

    Publisert

    - 300 studentar frå Høgskulen i Volda skal ta del i ei nasjonal undersøking av studentar sine levekår i 2005, fortel førstekonsulent Oddvar Aalde ved Høgskulen i Volda. Spørsmåla dreier seg om butilhøve, sosiale nettverk, helse, studieforhold, arbeid, økonomi, forbruk og fritidsaktivitetar, og undersøkinga vert gjennomført på høgskulen av Statistisk sentralbyrå.

  • Søknadsfristen 1. mars for austral-asiatiske kulturstudium

    Publisert

    Det nærmar seg søknadsfristen 1. mars for austral-asiatiske kulturstudium! Som den einaste høgskulen i landet tilbyr vi eit halvår i Asia og Australia, med stopp i Malaysia og Singapore, lengre opphald i Brisbane,Australia, Hong Kong, Kyoto og Hiroshima, før vi igjen returnerer til Australia, nærare bestemt Cairns.

  • Lærarstudentar til Kenya

    Publisert

    Femten studentar og to lærarar på studieturen til Kenya. Dei reiste 12.februar og kjem tilbake 18.mars. Det er ein del av samfunnsfagstudiet på avdeling for lærarutdanning.

  • Kva skal det nye studenthuset heite?

    Publisert

    - Det nye studenthuset i Volda opnar med brask og bram 22. april. Innbyggarane i Volda vil saman med studentane få konsertscene, kafé, storskjermar, møterom og barar, fortel prosjektleiar Are Halkjellsvik.<br>- No kan du stemme på kva huset skal heite!

  • 300.000 kr i støtte til ukorrekt eksamensfilm

    Publisert

    - Jeg har et manus som er politisk ukorrekt, og som etter all sannsynlighet vil vekke debatt, sier dokumentarfilmstudent Guro Saniola Bjerk fra Høgskulen i Volda. Hun har fått 300.000 kroner i støtte fra Fritt Ord for å gjennomføre eksamensfilmen sin, som handler om gnisningene mellom samer og etniske nordmenn i Finnmark.

  • Voldastudentar med i stor undersøkelse

    Publisert

    Denne uken mottar 376 studenter ved Høgskolen i Volda spørreskjemaer fra StudData, Nordens største database som samler informasjon om studentene før og etter studiene. Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo står ansvarlig for innsamlingen.

  • Frist for bidrag til dokfilmfestivalen

    Publisert

    - No er fristen for å sende inn bidrag til den Norske Dokumentarfilmfestivalen like rundt hjørnet, fortel informasjonssjef Espen Skretteberg i dokfilmstyret. 15. februar er fristen, og da startar vi å sjå gjennom filmar.

  • Besøk frå Irland i dag

    Publisert

    Tirsdag 8. februar får Høgskulen i Volda besøk frå Chairman og leder for Griffith College i Dublin, Diarmuid Hegarty. Han kommer på et dagsbesøk til Volda for å bli nærmere kjent med høgskulen.