Kvinner har utretta meir enn vi trur

Tekst: Britt Roselyn Camillo Rekkedal , Foto: HVO | Britt Rekkedal

- Oppdatert

Marie Nedregotten Sørbø, professor i engelsk litteratur ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda, forskar på det empiriske grunnlaget for kvinnelitteraturhistorie. Ho er spesielt interessert i å oppdage kor mange kvinnelege forfattarar som var aktive før 1900. Ho er også prosjektleiar for ein ny søknad til Noregs forskingsråd (CONNECTING) som vil dokumentere 1800-talets kvinnelege forfattarar og samordne eksisterande databasar om kvinnehistorie.

 

Kvinner gløymt i litteraturhistoria

– Eg forskar på resepsjonen, eller mottakinga, av kvinnelege forfattarar. I kva grad blei dei lest og omsett og omtalt? Det er fordi eg har oppdaga at vi har gløymt at det fantest svært mange skrivande kvinner i tidlegare tider. Bøkene deira blei lest, var ofte populære, blei omsett til fleire språk og blei til og med bestseljarar. Men lite av dette er nemnt i litteraturhistoriske verk. 
 
Eit fåtal store kvinnelege forfattarar blir framheva i historia. Som Jane Austen, Charlotte Brontë og seinare Virginia Woolf til dømes. Ein er ikkje klar over kor mange skrivande kvinner der var, og kor stor innverknad dei hadde på samtidas kulturliv. Det er difor vi granskar historiske kjelder og dokumenterer kvinnene vi finn i databasen NEWW Women Writers.

Marie N. Sørbø
Sørbø presenterer poster for DARIAH-EU Women Writers in History på konferanse i Paris i 2019. Foto: Privat

– Til no har eg og forskarnettverket eg er med i (DARIAH-EU Women Writers in History), samla inn og registrert ca. 7500 kvinnelege skribentar i mange land. Litteraturhistoria slik den blir framstilt i dag er dermed feil. Hovudfokuset og utvelgingskriteria er framleis i stor grad mannlege. 


 
Vil endre måten vi tenker om fortida

Sørbø har dei siste tolv åra vore med på å bygge opp ein stor europeisk database som ho meiner bør bli meir brukt av folk flest, og ikkje minst på skular og i høgare utdanning. Han vil kunne endre måten vi tenker om kvinnene si rolle i fortida. 

– Eg håper å dokumentere kvinnenes bidrag til heile vår vestlege kultur, i samarbeid med forskarar i mange land. Dette er eit stort og mangeårig arbeid som ikkje kan utførast av ein forskar åleine. Eg har veldig positiv erfaring med forskingsnettverk og det ein kan få til gjennom å ta del i europeiske forskingsprosjekt. Til dømes var eg (og HVO) partnar i prosjektet HERA Travelling Texts (2013-16), der fem land var med, og mykje ny kunnskap kom fram.

 

Marie N. Sørbø
Bok om utfordringane med oversetting av bøker, skreven av Marie N. Sørbø

 

Viktig med korrekte lærebøker

Sørbø håper at forskingsresultata skal ha samfunnsnytte, at kunnskapen skal komme ut og bli brukt. – Det er veldig vikig at lærebøkene våre ikkje inneheld feil om fortida. Vi trur gjerne at feminisme er eit moderne fenomen. Det er ikkje sant i det heile. Vi må ikkje tru at vi i vår tid oppdaga kvinnesaka, likhetsideala, rettferdskampane for kvinner. For dei har føregått i mange hundreår og under ulike merkelappar som ‘querelle des femmes’ (kvinnenes krangel), blåstrømper eller emansipasjon. Vi står i enden av ein lang arv.


 
Kvinnene sin rett til utdanning

– Ikkje minst var kampen for utdanning avgjerande. For 250 år sidan kjempa Hannah More for at engelske jenter skulle få lære å lese og skrive, og studere dei same faga som gutane. På same tid argumenterte Mary Wollstonecraft sterkt for kvinnene sin rett til utdanning og yrke. Og det er berre to eksempel på kjempande kvinner som ofte blei motarbeidd og mistenkeleggjort.
 
Det har vore mange kvinnekampar, til dømes for å oppnå vanlege menneskerettar som stemmerett, eigedomsrett, og arverett. I dag meiner Sørbø at vi i vestlege land nyt veldig mange privilegiar samanlikna med andre stader, men at vi framleis kjempar for å bli sett og representert på linje med menn, og mot usynleggjering og det såkalla glastaket. 

 

Mangel på utdanning 

Den største forskjellen mellom å vere kvinneleg forfattar før 1900 og i dag er utdanning. Mangelen på formell utdanning blant desse kvinnene er eit paradoks Sørbø ofte blir mint på. – Det var sjølvsagt eit stort handikap og kanskje nokre gongar grunnen til at menn oftare blei respektert som til dømes som poetar, fordi dei hadde lært korleis dei skulle skrive. På den andre sida er det utruleg kor mykje lærdom nokre kvinner tileigna seg gjennom uformelle kanalar, og det var ikkje uvanleg at kvinner omsette bøker frå framande språk. Til dømes omsette Elizabeth Carter og Elizabeth Barrett Browning gresk filosofi og litteratur. 
 

Ein må kjempe for likheit, likeverd og likestilling

Heilt sidan dei gamle romerane og grekarane har eit misogynistisk tankesettet fått uttrykk i litteraturen og historia. Det er djuptgåande kulturelle tankemønster som gjer at vi automatisk tenker dårlegare om kvinner enn menn, og der menns naturlege eigenskapar blir sett på som overordna dei kvinnelege. 

– Som den engelske historikaren Mary Beard har vist, er det misogynistiske eller kvinnefiendtlege tankesettet fleire tusen år gammalt. Det er vanskeleg å bryte seg ut av. Men desto viktigare å bekjempe i lag. Med utdanning, kultur og danning så blir både menn og kvinner merksame på desse mønstra, og kan slåst imot dei, ikkje minst på vegner av medsøstrer i meir patriarkalske land. 

 

Marie N. Sørbø
Volda-teamet for HERA Travelling Texts: professor Sørbø og forskingsassistentane Elise Fugledal og Hege Lende Sørbråten. Foto: Privat

Feminisme

Ordet eller definisjonen av feminisme er ikkje ukontroversielt. Ein kan vere ueinig i kva som er eller burde vere feminisme, og om ein kallar seg feminist. Men Sørbø er ikkje i tvil.

– Eg tenkjer ikkje på feminisme som ekskluderande, då hadde eg ikkje brukt omgrepet. Ein kan hypotetisk sett tenke at feminisme kunne bety at kvinner er betre enn menn. At ein kjempar for eit matriarkat, ei verd der kvinner er overordna fordi dei har betre eigenskapar. Eg trur det hadde vore like ille. Eg trur det er urettferd som er problemet, og at kjelden til det er fordommar som ligg hos begge kjønn.

 

Vi er heldige

Det er ikkje lenge sidan vi i Noreg ikkje fekk ta utdanning, ha stemmerett eller eigedomsrett. Men desse rettane manglar kvinnene framleis mange stader i verda. 

– Det er berre eit lykketreff at vi er fødd og oppvaksne i dagens Noreg. Vi trur kanskje at vi har ein god kultur eller gode moralske standardar. Men om vi tenker rett om likheit for alle rasar og begge kjønn, så er dette på grunn av dei føresetadane vi er fødde med. Vi har fått fridom og val. Vi har ektemenn og statsleiarar med dei same verdiane, som aksepterer kvinner som likeverdige. Det er fantastisk. Men derfor er det viktig at kvinnedagen også blir brukt til å minne folk på kvinner som bur i land med undertrykkande praksisar, der dei ikkje let jentene gå på skule, eller kvinnene rå over eigne midlar. Her står det framleis mykje kvinnekamp igjen.
 
 
 


 

Del på