Vil heie fram kvinner til toppkompetanse

Tekst: Britt Roselyn Camillo Rekkedal

- Oppdatert

– Å kunne hanke inn ein mentor frå eige fagfelt tenkjer eg at er ganske avgjerande for å kunne identifisere og navigere seg gjennom krava til toppkompetanse seier Helga Løvoll, professor i friluftsliv. 

 

Kvinneløftet

Mentorordninga har blitt til gjennom eit prosjekt som Høgskulen i Volda har fått gjennom BALANSE-programmet til Forskningsrådet, det prosjektet heiter Kvinneløftet. Mentorordninga vart oppretta i 2021 og er nett ferdig med rekrutteringa for 2022. Pernille Fiskerstrand er ein av kandidatane som har søkt seg inn i programmet. 

Pernille Fiskarstrand
Pernille Fiskerstrand

 

Nye kandidatar

Eg ville vere med i mentorordninga for å jobbe målretta mot opprykk. Med ein mentor så blir det litt meir struktur i retninga. Eg set pris på ein samtalepartnar og rettleiar i strategiske val, det er til god hjelp når ein skal legge ein meir langsiktig plan, seier Fiskerstrand.  

 

Kvinner vil bli prioritert

Hovudmålet med Kvinneløftet  er å auke andelen kvinner med toppkompetanse. – Vi ynskje at alle med førstekompetanse søker. Kvinner er vår prioritet, men menn kan også søke. Kvinner er vår prioritet fordi det er eit prosjekt for kjønnsbalanse ved HVO, og det er dette prosjektet som gjer at mentorordninga er mogleg, seier Trude Carlsen, koordinator for Kvinneløftet ved Høgskulen i Volda. 

Samling Sæbø
Fjorårets kandidatar på samling om korleis skrive opprykksøknad.

I mentorordninga vil det vere fire samlingar i løpet av året, tematikken i samlingane vil vere opprykk. I tillegg vil kandidatane kunne velje seg ein mentor. Mentorane vil få eit honorar på 10.000 kr for jobben. Dette kan vere ein professor eller dosent frå høgskulen, eller ein ekstern mentor frå andre plassar i Noreg eller utlandet. Kandidatane vil vere på forskjellige plassar i opprykksløpet sitt. Nokre har kanskje allereie sendt opprykksøknad, mens andre treng litt rettleiing til å identifisere kvar dei er i opprykksløpet. Alle har forskjellige behov i forhold til tilbakemeldingar og rettleiing, seier Carlsen.

– Det har noko med å byggje ein kultur for opprykk, at det ikkje berre er eit personleg mål, seier Løvoll. 

Løvoll var med i metorprogrammet i 2021 og fekk nyleg opprykk til professor. 

 

 

Må gå all inn for forsking

Helga Løvoll
Helga Løvoll ute i naturen. Foto: Tone Solhaug Skog

Det er noko høgskulen treng. At ein lagar ein støttekultur og heiar fram de som har lyst til å dedikere seg til forsking. For det er de det er snakk om her, om ein skal nå heilt opp, så er ein nøydt til å dedikere seg til forsking. Å gå all inn, seier Løvoll. 


– Her på høgskulen, i kulturfag iallfall, så er det mykje praktisk kompetanse som ligg til grunn for undervisinga vi driv med. Samtidig er den praktiske kompetansen litt vanskeleg å synleggjere i ein slik setting. Det passar ikkje så godt inn i kategoriane for akademiske publikasjonar. Så å få ein mentor frå eige fagfelt kan vere avgjerande. For å hjelpe å finne ut kordan ein kan dra nytte av den erfaringa og kompetansen ein har, og forstå kordan ein kan få utteljing for det i det systemet som er, fortel Løvoll. 

Del på