500 kunstnarar på opphald hjå Seanse

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Seanse, senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda, har som hovudverksemd å støtte  produksjonen av kunst for og med barn og unge. Nyleg kunne Seanse feire at over 500 kunstnarar har vore på kunstnaropphald i Volda sidan starten i 2004.

Jubileet vart feira i Oslo, og eitt av høgdepunkta var då skodespelar og medlem av Seanses kunstfaglege råd, Johannes Joner, og gjest Joakim Nätterqvist trekte eit reisestipendet på kr 25 000,- Den heldige vinnaren vart Magnus Murphy Joelson, trombonist, komponist, arrangør og bandleiar.  Han har bakgrunn frå jazzlinja i Stavanger og Norges Musikkhøgskole i Oslo, og han var på kunstnaropphald hjå Seanse i 2017 med kunstprosjektet Globus 3.

Seanse sin kunstnarlege leiar Karstein Solli orienterte om Seanse og om erfaringane med å ha kunstnarar på opphald i Volda. Senterleiar Marit Ulvund delte funn i frå ei spørjeundersøking sendt ut til alle kunstnarar som har vore på opphald i Volda. Av dei som har svart er 80,8 % «svært fornøgde» og 16,4 % «fornøgde» med opphaldet som heilheit. Heile 74% meiner kunstnaropphaldet i «stor grad» og 21/9% «i nokon grad», har økt deira refleksjon kring eigen kunstproduksjon. Heile 95,9% vil gjerne komme på kunstnaropphald igjen, om dei fekk høve til det.

Fagkompetansen ved Høgskulen i Volda

Det dei er mest nøgd med er at m. a. kunstnarleg rettleiing frå Seanse sine rettleiarar og det å møte og utveksle erfaringar med andre kunstnarar. Høgskulen i Volda tilbyr m. a. bachelorgrader i teater og drama, kunst og handverk, musikk, animasjon, medieproduksjon, samt ei ny masterutdanning i mediefag. Fagfolk frå desse og andre fagmiljø vert nytta som rettleiarar for ulike produksjonar. Andre vert engasjerte ved behov.

Senterleiar Marit Ulvund orienterer på samlinga i Oslo. Foto: Antero Hein

Del på