Haustkonsert med Høgskulekoret og gjester

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Søndag 10. november blir det dramatisk og sprudlande musikk å høyre i Volda kyrkje. Då skipar koret ved Høgskulen i Volda til ein konsert med kor og instrumentalensemble, i samarbeid med Volda Hornmusikk.

Musikantar frå Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda vil opne konserten med den mektige Fanfare for the Common Man av Aaron Copland, etterfølgt av Sonata pian’ e forte av Giovanni Gabrieli. Gabrieli komponerte dette verket i 1597 spesielt for messinginstrument og den luftige arkitekturen i Markuskyrkja i Venezia. Instrumenta er delt opp i to ‘kor’ som spelar antifonalt frå kvar si side av kyrkjerommet. Trompetisten Tom Gontier frå Ålesund er med i messingensemblet denne kvelden.

Volda Hornmusikk, med dirigent Arne Alexander Laberg, vil ha ei eiga avdeling i konserten og spele mellom anna arrangement av Sjostakovitsj sin Waltz No. 2, Beethoven sin Adagio cantabile frå Sonata nr. 8 Op. 13 'Pathétique', og det mektige stykket Oregon av Jacob de Haan.

Hovudverket på denne konserten er Gloria av John Rutter, eit vitalt og rytmisk verk i tre satsar for kor, messing, perkusjon og orgel. Høgskulekoret og instrumentalensemblet har her med seg Terje Tjervåg på orgel, og dirigent er Elizabeth Oltedal. Vel møtt til ein spennande og klangfull konsert!

Søndag 10. november i Volda kyrkje, kl. 19:30.

 

Del på