Historie i en bobil
Førsteklassa ved bachelorutdanninga i drama og teater er i full sving med å øve inn eksamensforestillinga si. Stykket heiter «Historie i en bobil» og er ein adapsjon fritt etter «Killer Joe» av Tracy Letts. Vi var til stades på øvinga tysdag og tok nokre bilde.
Førsteklassa ved bachelorutdanninga i drama og teater er i full sving med å øve inn eksamensforestillinga si som skal ha premiere måndag 2. desember. Stykket heiter «Historie i en bobil» og er ein adapsjon fritt etter «Killer Joe» av Tracy Letts. Vi var til stades på øvinga tysdag og tok nokre bilde.
– Stykket «Historie i en bobil» handlar om ein familie som bur i ein bobil på ein trailerpark i Dallas i Texas, og om nokre dårlege val som vert gjorde, seier dramastudent Pernille Fynbo Gajhede.
Instruktør er Ray Corrado Knutsen, høgskulelektor ved Seksjon for drama og teater ved Avdeling for kulturfag.
Nokre glimt frå stykket
Framsyningane
Premieren blir måndag 2. desember kl. 19.00 i Stanislavskij-salen (teatersalen) i Henrik Kaarstad-bygget.
Billettpris: 100/50 (studentar).
Sjølve eksamensførestillinga tysdag 3. desember kl. 12.00 er gratis.
Foto/video: pab19