Internasjonalt på kjøkkenet

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Mat frå ulike land og kulturar er sentrale emne i vidareutdanninga Mat, kultur og konservering. Fredag 19. mars fekk studentane innblikk i filippinsk mat og matkultur og den persiske nyttårsfeiringa Nowroz.

Mat, kultur og konservering er eit tverrfagleg studium retta mot deg som er interessert i matkultur, mattradisjonar og konservering og som ønskjer praktisk og teoretisk kunnskap i faget.

Filippinane

Nersissa Solvang er frå Filippinane og arbeider til dagleg i studieadministrasjonen ved Høgskulen i Volda. Denne dagen var ho invitert av fagleg ansvarleg høgskulelektor Kari Ryslett (Institutt for realfag) for å snakke om filippinsk matkultur, korleis ho tar vare på sine mattradisjonar i Noreg og korleis ho opplevde møtet med norsk matkultur. Etter foredraget vart det laga ei rekkje ulike filippinske rettar som tradisjonelle vårrullar, vårrullar med banan, glasnudlar og ein dessert.

Nerissa Solvang.

Markering av persisk nyttår

På denne studiesamlinga vart også det persiske nyttåret, Nowroz («ny dag»), markert. I samband med denne nyttårsfeiringa 20. mars er det vanleg å pynte eit bord, eit «Haft Sin-bord», med ulike gjenstandar som representerer det gode liv og som ein kan vere takknemleg for. Alle tinga har namn som begynner med «s»: senjed, somaq, sabzeh, sib, sonbol, sekkeh og serkeh. Bordet står framme 13 dagar.

Haft Sin.

Nyrenovert kjøkkenavdeling

Undervisninga ved Mat, kultur og konservering skjer innanfor rammene av eit nyrenovert kjøkken som vart offisielt opna 12. mars i år. Under ser du nokre bilde frå opninga.

Del på