Jubeldag for kulturfaga ved høgskulen

Tekst: , Foto: Tilsette ved Avdeling for kulturfag feira stortingsvedtaket onsdag.

- Oppdatert

Stortinget vedtok tysdag at studentar som tek ei bachelorgrad i praktiske- og estetiske fag også i framtida kvalifiserer til opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Det betyr at etter tre år med bachelor i Design, kunst og handverk, Musikk, Teater og drama eller Idrett og kroppsøving kan studentane ta eitt år med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og verte lærarar.

Viktig

Med røystetala 53 mot 48, der opposisjonen i stortinget danna fleirtal, vart det vedteke. Aud Folkestad, dekan ved Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda (HVO), har kjempa ein lang og hard kamp for å få dette realisert.

– Dette er vi svært glade for. Det er viktig for heile avdelinga og høgskulen, seier Folkestad.

Frå 2019 må dei som skal ta PPU allmennfag minimum ha ein mastergrad for å vere kvalifisert. Ved HVO frykta ein at dette også skulle gjelde for dei praktiske- og estetiske faga, men slik vert det no altså ikkje. Det vart feira med vafler og god stemning på lunsjrommet til Avdeling for kulturfag onsdag.

– Best kvalifisiert

Folkestad er glad for at fleirtalet av politikarane ser kva ein får gjennom å ha lærarar med 180 studiepoeng gjennom tre år i eitt fag.

– Det er det svært få av lærarane som går grunnskulelærarutdanning som får, sjølv om det no er ei masterutdanning. Dei som no tek ei bachelorgrad i dei praktiske- og estetiske faga våre og PPU på toppen, ser eg på som nokon av dei best kvalifiserte lærarane i skulen.

Finst arbeid

Dekanen trur heller ikkje det vil by på problem i arbeidsmarknaden for ein eittfagleg lærar.

– Ein del påstår det. Men det vi ser i dag er at desse fagfelta som vi utdannar til byr på kombinerte stillingar rundt om i distrikta. Mange kombinerer arbeid i skulen med kulturskulen, i frivillige organisasjonar eller SFO. I tillegg er også nokre utøvande kunstnarar i tillegg til å undervise, poengterar Folkestad.

Tags

Del på