Nytt fag trenar fantasien

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Kan bleieskift gjerast til noko pedagogisk og morosamt, både for store og små i barnehagen? Det øver studentane i høgskulen seg på i sitt nye fordjupingsemne.

Tekst og foto: Daniela Elvebakk Mala

– Det er viktig at ikkje barnehagane berre vert oppbevaringsplass for dei minste, seier høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, Hege Holmqvist Synnes.

Ho forskar på små barn, og har sjølv sett moglegheitene som finst i barnehagane til å aktivisere dei minste. Høgskulelektoren i drama og teater har derfor vore med på å utvikle eit nytt fordjupingsemne i barnehagelærarutdanninga.

I det nye faget lærar studentane heilt konkrete måtar dei kan bruke drama, musikk og leik til å aktivisere dei aller minste i barnehagen. I kvardagen kan timane fort fly bort med bleieskift, soving og måltid. Å lære korleis ein kan nytte seg av dei små spontane og tilfeldige situasjonane er derfor utruleg viktig.

Leiking på timeplanen

– Fantasien kan så absolutt trenast, slik at ein kan bruke situasjonar som oppstår av seg sjølv til leik, seier Synnes.

I det nye faget leiker derfor studentane mykje. Dei får prøve seg på mykje forskjellig, med drama og musikk som verktøy. Og medan dei leiker, drøfter dei korleis dei kan bruke det dei lærer i ulike samanhengar i barnehagen.

 

– Det er viktig at ikkje barnehagane berre vert oppbevaringsplass for dei minste, seier høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, Hege Holmqvist Synnes.

God og nyttig blanding

Student Silje Sandvik jobba i barnehage før ho starta utdanninga, og fortel at det var drama og musikk ho brukte aller mest for å kommunisere med barna.

– Eg synes det er eit kjekt og spennande fag, med ein god blanding av teori og praktiske innslag. Her får vi gode tips til korleis vi kan utvide leiken og leggje til rette for at barna kan vere kreative på ein pedagogisk måte, seier Sandvik.

Studentane fortel at det nye faget er viktig og nyttig når dei skal ut i arbeidslivet. Dei meiner at engasjementet, og det at lærarane så tydeleg brenn for faget, smittar over på dei.

Dette er eit fordjupningsemne i barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, og er eit samarbeid mellom Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning og Avdeling for kulturfag. Les meir og søk her.

Del på