Rekordopptak til Kunst og handverk 1

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Denne veka er 30 studentar samla i Volda på den første av i alt fire samlingar i Kunst og handverk 1, ei vidareutdanning i Kompetanse for kvalitet. – Dette er det beste opptaket sidan oppstarten i 2019, og interessa for faget er så stor at vi har søkt Utdanningsdirektoratet om å få tilby eit kurs til med emna leire og tekstil, seier fagansvarleg Knut Einar Lillebø-Voll.

Kompetanse for kvalitet (KFK) er namnet på etter- og vidareutdanningsprogrammet til Utdanningsdirektoratet (UDIR). Målet er å auke elevane si læring og motivasjon i grunnopplæringa gjennom å styrke lærarane og rektorane si kompetanse. Vidareutdanningane i er organiserte som deltidsstudium med to til tre samlingar i kvart semester.

Sjå alle Høgskulen i Volda sine tilbod i KFK.

Frå heile landet

– Studentane på Kunst og handverk 1, 1.-10. årstrinn, kjem frå hele landet. Vi har studentar frå Kristiansand i sør til Harstad i nord. Mange har undervist i faget kunst og handverk i mange år utan formell kompetanse i faget, og dei ønskjer fagleg påfyll og formell kompetanse. Mange skular har også satsa meir på dette faget dei siste åra, seier fagansvarleg Knut Einar Lillebø-Voll ved Seksjon for Design, kunst og handverk ved Avdeling for kulturfag.

Etterlyser fleire tilbod innan kunst og handverk

Lillebø-Voll fortel at mange som har fullført vidareutdanninga Kunst og handverk 1 etterlyser eit tilbod nummer to.– På bakgrunn av denne store interessa har vi sendt inn ein søknad til UDIR om å få tilby ei vidareutdanning med to emne på 15 studiepoeng i leire og tekstil. Vi vonar å få svar i slutten av september. Er svaret positivt, kan vi lyse ut dette hausten 2023, seier han.

Knut Einar
Fagansvarleg Knut Einar Lillebø-Voll viser korleis det skal gjerast.

God vikarordning

– Eg er veldig interessert i kunst og handverk og eg har jobba mykje med sløyd i skulen. Dette tilbodet med emna sløyd og teikning er midt i blinken for meg. Vikarordninga i Kompetanse for kvalitet er god. Vidare er det greitt å leige korttidshyblar med Studentsamskipnaden i Volda dei fire- fem dagane samlingane varer, seier Atle Skogrand som til dagleg er lærar ved Søvik skule i Ålesund. 

Atle Skogrand
Atle Skogrand, lærar ved Søvik skule i Ålesund.

Roser lærarane

I tillegg til fagansvarleg Knut Einar Lillebø-Voll, underviser også Robert Steinnes ved Seksjon for Design, kunst og handverk og lærar ved Sæbø skule Aleksander Riise Olsen ved vidareutdanninga.

– Eg er so fornøgd med måten lærarane på kurset tok imot oss på denne første samlinga. Vi hadde ein veldig fin start. Eg har ikkje opplevd maken på nokon annan plass eg har studert, seier Monika Vie Angedal som er lærar ved Sunde skule i Førde.

Angedal fortel at skulen ho jobbar på har valt å satse meir på faget kunst og handverk.

– Personleg synest eg at faget er veldig kjekt å undervise i. Elevane får utfalde seg på ein annan måte enn i dei meir teoretiske faga. Dei blømer på ein annan måte, seier ho.

Monika Vie Angedal
– Eg er so fornøgd med måten lærarane på kurset tok imot oss på denne første samlinga. Vi hadde ein veldig fin start. Eg har ikkje opplevd maken på nokon annan plass eg har studert, seier Monika Vie Angedal.

Del på