Symposium om komposisjon og improvisasjon

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Ei forskingsgruppe med forankring i Høgskulen i Volda (HVO) med fokus på skapande læringsprosessar i musikk gjennomførte i førre veke eit symposium med tittelen «Creative learning processes in music: Pedagogies, or provocations?» Symposiet vart avslutta med ein workshop for studentane ved musikkutdannninga.

– Forskingsgruppa har som mål å auke forskingsaktiviteten gjennom prosjekt, publisering og formidling. Vi ønskjer også å bidra til utvikling av forskingsfeltet gjennom tilskiping av fagseminar, publikasjonar og konferansebidrag, seier førsteamanuensis Stein Helge Solstad ved musikkutdanninga.

Frå venstre:  Una MacGlone (University of Edinburgh), Elizabeth Oltedal (HVO), Stein Helge Solstad (HVO), Magnar Åm (HVO), Guro Gravem Johansen (Norges musikkhøgskole),Tine Grieg Viig (Høgskulen på Vestlandet), Roy Aksel Waade (Nord universitet), Øystein Salhus (HVO).

Komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi

Forskingsgruppa fokuserer no i hovudsak på tematikken rundt det unike arbeidet til professor Magnar Åm (HVO) i kryssingsfeltet komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi.
Professor Åm er fagleg ansvarleg for emnet MUS206 (15-studiepoeng) som kan takast som ein del av bachelorprogrammet i musikk, eller som fritt emne i fordjuping eller vidareutdanning i musikk. Studenten bruke skaparevna og skapartrongen i seg og lære metodar for å finne sitt personlege uttrykk, metodar for maksimal innstrøyming av idear og metodar for utveljing og ivaretaking av desse. Emnet representerer ei fordjuping og vidareføring i høve til emna på grunn-nivå. Det vil gi ei plattform for vidare komposisjonsstudiar eller skapande eigenaktivitet, og det kan vere ein basis for pedagogisk arbeid med komponering og improvisering i skulen, kulturskulen og fritidsmusikklivet.

Fagfellevurdert antologi

– Den konkrete planen er å utforske dette fagfeltet frå fleire perspektiv, og å publisere ein fagfellevurdert antologi. Eit viktig aspekt av dette arbeid er den kontakten vi har med Birmingham City University ved Professor Martin Fautley og forskarar som driv FoU-prosjekt innan komponering der, seier Solstad.

Del på