Det nye kulturhuset kan bli ”Verdsbygget”

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Innovasjonscamp 2017

Om lag 130 elevar frå Volda vidaregåande skule har i to dagar på oppdrag av Volda kommune arbeidd med å kome med innspel på kva kulturaktivitetar det nye kulturhuset bør fyllast med.

Oppdragsgjevarane har også bedt om råd når det gjeld marknadskommunikasjonen.

Innovasjonscamp 2017 er eit samarbeid mellom Ungt entreprenørskap i Møre og Romsdal fylkeskommune, Volda vidaregåande skule, Volda kommune, Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden i Volda.

Visjonen til vinnargruppa

– Vi vil satse på eit spektakulært bygg med  der alle kan få oppleve minneverdige musikalske og dramatiske sceneframsyningar, kino, kjekke aktivitetar som minigolf på taket, underjordisk bowlingbane og kulturelle møte. Vi vil gjere verdsbygget til ein unik turistattraksjon. Kinosalen skal ha rader som representerer kontinent, og seter som representerar ulike land. Seta skal ha same fargar og utforming som flagga til kvart einskild land.  Bygget skal sjå ut som ei prismeforma jordklode. Inngangspartiet skal ha ei stor rund dør forma som ei jordklode. Framfor bygget skal det vere ein statue. Statuen skal vere forma som ei jordklode som spinn rundt og rundt med ei pil som peikar utover frå Volda.

Vinnargruppa_620.jpgGruppa som fekk overrekt diplom og premie av ordførar Jørgen Amdam, er Ingvild Berge Conradsen,  Joel André Volle,  Julie Mo Flø, Mathias Terøy Finnes og Knut-Magnus Brautaset. Alle er elevar ved Volda vidaregåande skule.

– Nyttig

– Dette var veldig kjekt. Her kom det fram mange gode idéar som det er verdt å ta med seg vidare. Det er også verdfullt å høyre kva forventingar ungdommen i Volda har til kulturhuset, kommenterte assisterande rådmann i Volda kommune Asbjørn Moltudal.

Ein_presentasjon_620.jpgOver 20 grupper presenterte innspel til Volda kommune. Mange var opptekne å skape eit aktivt hus med eit mangfald av aktivitetar, samarbeid mellom ulike lag og organisasjonar, involvering av studentar, sambruk av fasilitetar, utveksling av kompetanse med meir.

Tre_beste_og_jury_620.jpgDei tre beste gruppene og medlemmar i juryen.

Del på