Digital fagdag om nynorsk i lærarutdanninga

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Torsdag 12. november frå klokka 9 til 12 inviterer Nynorsksenteret til ein digital fagdag. Kunnskapsminister Guri Melby skal halde opningsforedraget.

Nynorsksenteret har som ei av hovudoppgåvene sine å støtte lærarutdanningane i arbeidet med å gi betre nynorskopplæring. Fagdagen 12. november er eit tilbod til denne målgruppa. Vi vil presentere eigne ressursar og bidrag frå lærarutdannarar som har prøvd ut ulike undervisingsopplegg.

Bakgrunn

Alle elevar i norsk skule skal møte begge dei norske skriftspråka heilt frå småskulen. Lesing og etter kvart utprøvande skriving skal byrje lenge før den meir formelle sidemålsopplæringa byrjar på ungdomstrinnet. Dette står i gjeldande læreplan og er endå sterkare presisert i LK20, som blir tatt i bruk i haust.

Heilt frå 1. klasse til tredje vidaregåande er det berre eitt norskfag, og der skal elevane lære både nynorsk og bokmål. I rammeplanforskrifta for lærarutdanninga (både for 1–7 og 5–10) står det difor at kandidaten skal beherske norsk muntlig og skriftlig, både bokmål og nynorsk, og bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng.

Slik må det sjølvsagt vere. Lærarkandidatar som blir sertifiserte til å undervise i heile landet, må ha fullverdig norskkompetanse. Ikkje berre av omsyn til elevane som har nynorsk som førstespråk, men også for det store fleirtalet som har bokmål som opplæringsmål.

Utfordringa

Mange studentar i lærarutdanningane treng betre nynorskkompetanse. Det betyr to ting:

– Studentane treng hjelp til å skrive rett og godt på begge dei norske skriftspråka.

Og minst like viktig:

– Dei treng didaktisk kompetanse i å undervise på og om nynorsk.

Dette kan det gjerast noko med! Ein god start er å delta på den digitale nynorskfagdagen.
Vel Zoom-møtt 12. november klokka 9 til 12.

Fagdagen er gratis, og du kan melde deg på her.

 

Digital fagdag Nynorsksenteret

 

Program

0900–0905: Velkomen og praktisk informasjon

0905–0920: Opningsforedrag
Kunnskapsminister Guri Melby: Nynorsk i lærarutdanninga

0920–0940: Innlegg 1
Kristin Kibsgaard Sjøhelle, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda:
Tid for nynorsk i lærarutdanninga

Tid spelar ei viktig rolle i arbeidet med å gjere lærarstudentane til trygge nynorskbrukarar. Det tar tid å meistre språk, og det krev at vi som lærarutdannarar arbeider langsiktig og målretta med studentane sin nynorskkompetanse. Ved lærarutdanninga i Volda har vi fleire tiltak som både kan gi studentane støtte til eiga nynorskopplæring og for dei elevane dei møter i praksis. Eitt av dei er å introdusere studentane for bokantologien Tid for ti og nynorsk litteratur for barn og unge. I dette innlegget viser eg korleis Tid for ti blir eit møte mellom studentar, praksisfelt og fagfolk.

Spørsmål/kommentarar (inntil 10 min.)

0950–1010: Innlegg 2
Eli Anne Eiesland, førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg:
Bruk av automatisk omsetjing i nynorskopplæringa – didaktiske og vurderingsmessige problemstillingar

Bruk av automatiske omsetjingsprogram brer om seg i skulen og på høgskular og universitet. Med eit tastetrykk kan ein forvandla ein tekst frå bokmål til nynorsk, og dermed må ein tenke nytt om nynorskopplæring. Korleis kan ein sikra seg at ein får vurdert faktisk kompetanse i nynorsk når slike verktøy finst? Og korleis kan ein bruka slike verktøy i undervisning?

Spørsmål/kommentarar (inntil 10 min.)

1020–1040: Pause

1040–1055: Nynorsksenteret og lærarutdanningane
Aktuelle læringsressursar

1055–1115: Innlegg 3
Sigrunn Askland, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder:
«Dei byrjar med grammatikk og skriv etter kvart.» Grammatikkundervisninga si rolle i norskfaget – hovudmål og sidemål.

Resultata frå ein studie der eg intervjua og observerte norsklærarar i klasserommet, tyder på at dei meiner at eksplisitt grammatikkundervisning er viktig, men at dei brukar lite tid på dette i hovudmålsundervisninga, spesielt i vidaregåande skule. Når det gjeld nynorsk som sidemål, derimot, seier lærarane at dei vektlegg grammatikkundervisning mykje meir enn i hovudmålet. Det kan verke som at grammatikkundervisning er eit botemiddel for manglande eksponering for nynorsk, og at mykje av grammatikkundervisninga i nynorsk som sidemål er dekontekstualisert. Er slik grammatikkundervisning verkeleg ein fruktbar måte å betre språkkunnskapen til elevane på? Kva alternativ finst? Eg meiner det er viktig at lærarutdanningsinstitusjonar og språklærarar held fram med å stille og diskutere slike spørsmål.

Spørsmål/kommentarar (inntil 10 min.)

1125–1145: Innlegg 4
Pål Lundberg, universitetslektor ved OsloMet – storbyuniversitetet:
Medstudentrespons på MGLU 5–10 – med vekt på dei formelle ferdigheitene i nynorsk.

Dette innlegget tar for seg ein del av eit større prosjekt om medstudentrespons på ein fagartikkel skriven av førsteårstudentar ved MGLU 5–10 trinn, norsk ved OsloMet – storbyuniversitetet studieåret 19/20. Vi fann at om lag halvparten av margkommentarane frå responsgivar handla om språk og formelle ferdigheiter, og at det var dette kriteriet som vart plassert lågast i ei primærtrekkvurdering av teksten. Vi har sett på kva responsgivar kommenterer, om det er samsvar mellom medstudentrespons og eiga vurdering av teksten, og korleis responsmottakar vil bruke medstudentresponsen vidare i tekstarbeidet.

Spørsmål/kommentarar (inntil 10 min.)

1155–1200: Avslutning

Del på