Fagdag om rus hjå eldre

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Dei sju kommunane på Søre, sjukehuset i Volda og Høgskulen i Volda har i ei årrekkje samarbeidd om felles fagdagar for sine tilsette, innan geriatri, psykiatri og BUP. 30. januar var det igjen duka for fagdag i geriatri, der temaet  i år var «rus hjå eldre». 

Årets fagdag var bygd opp som tidligere der arrangørane hadde invitert eksterne forelesere i tillegg til eigne krefter. Rita Valkvæ frå Kompetansesenter for Rus Midt-Norge innleia med kunnskap om alkohol og medikamentmisbruk hjå eldre, og om verktøy og mot i møte med målgruppa. Bente Hasle frå høgskulen i Volda snakka om sårbarheit og det å bestemme over eige liv. Gastroenterolog frå sjukehuset i Volda, Øystein Hovlid, og kommunelege Jørgen Roll Hansen frå Ørsta, reflekterte over utfordringar og erfaringar med målgruppa frå deira ståstad. Ernæringsfysiolog Magnhild Håskjold frå sjukehuset i Volda fokuserte på ernæring og rus, då særskilt med fokus på eldre, før Morten Sivertsen frå NAV på Averøya viste korleis dei praktisk har arbeidd med verktøya i deira kommune.

Eldre drikk meir enn yngre

Vi får stadig fleire eldre i samfunnet og dei er friskere og lever lenger. Dagens generasjon av eldre har også eit anna forhold til alkohol enn tidlegare. Denne problematikken vart belyst både frå eit individuelt og samfunnsmessig perspektiv. Målet med fagdagen var at deltakarane skulle tileigne «verktøy» som dei kunne ta med seg tilbake til eigen arbeidsplass. Eldre nyttar også alkohol på ein annen måte enn yngre. Undersøkingar har vist at eldre drikk alkohol oftare enn yngre.

Øystein Hovlid
Øystein Hovlid, overlege medisinsk avdeling Volda sjukehus

Eldre drikk imidlertid mindre om gongen når dei nytter alkohol. Bruk av alkohol avtar gradvis etter at ein har passert 60 år, men det er ganske vanleg at også dei eldste drikk alkohol. Det å drikke seg berusa, drikke større mengde alkohol og det å drikke ofte blir imidlertid sjeldnare etter kvart som ein nærmar seg 80 år. Eldre er sårbare for alkohol då nyrer og lever sin kapasitet vert redusert med åra. Difor vert det hevda at «eldre har eit meir fornuftig alkoholbruk enn yngre».

Kutt alkoholen – ungnå sjukdommar

Det er få ting som gjev så stor helsegevinst «her og no» som å slutte å drikke alkohol  for dei som har alkoholrelaterte skadar. Redusert inntak av alkohol gjev eldre bedre helse ved t.d. bedre søvn, bedre hukommelse, bedre balanse, mindre angst/depresjon, redusert risiko for enkelte kreftsjukdomar og for mange eit bedre forhold til familie og nettverk. 

Når det gjeld medikamentbruk så ser vi at personar over 65 år er dei som brukar mest vanedannande legemiddel. Vi tenkjer då hovudsakleg på beroligande tablettar og sovetablettar. Kombinasjonen av medisinar og alkohol i kroppen kan gje ulike typar biverknader då desse skal brytast ned og skiljast ut gjennom same system. Kombinasjonen av tablettar og alkohol kan også gje utilsikta rusverknader.

Fagdagane er ein god arena for felles kompetanseheving og ein viktig møteplass for kommunane, sjukehuset og høgskulen.
 

Del på