Feira Caprinos 100-års dag

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Den verdskjende animasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda vart til etter at Ivo Caprino og andre store animasjonsnavn samla seg i Volda for over 30 år sidan. 17. februar feira ein at Caprino ville ha vore 100 år.

Gunnar Strøm, dosent emeritus ved Høgskulen i Volda (HVO), som var med å bygge opp animasjonsutdanninga i Volda har gått i bresjen for feiringa av Caprino. I samarbeid med Volda filmteater hadde ein to framsyningar av Flåklypa Grand Prix – animasjonsfilmen flest forbinder med Caprino.

Strøm heldt eit foredrag om filmskaparen før den andre framsyninga og møtte interesserte barn og unge med figurar frå Caprino-filmane. Han vart også intervjua i NRK P1+ i samband med jubileumsmarkeringa.

Gunnar Strøm på P1+
Gunnar Strøm direkte på P1+ om Ivo Caprino. Foto: Reidulf Botn

På formiddagen 17. februar vart det vist kortfilmar og ein dokumentar om Caprino ved HVO. Høgskulelærar i animasjon Stein-Christian Fagerbakken og Gunnar Strøm hadde også stelt i stand eit seminar i samband med dette, der ein gjekk litt i djupare inn i historia om Caprino.

Kjendisar til Volda

I løpet av dagen vart også historia om då Caprino og fleire andre markante krefter i animasjonsmiljøet i Noreg vitja Volda på 80-talet fortalt.

Våren 1986 arrangerte animasjonsmiljøet ved HVO eit 12 dagar langt animasjonskurs i Volda for dei heil- og halvprofesjonelle norske animatørane. Oscar-vinnar Bob Godfrey frå England og Gro Strøm, norsk animatør utdanna i England og med karriere i London og Sveits, var lærarar. Ei rekke flotte små teiknefilmar vart produsert. Ein av dei vann pris under Kortfilmfestivalen i Trondheim. Filmane blei vist på fleire festivalar, og det vart laga eit Norge Rundt-innslag og ein liten dokumentarfilm om seminaret.

Starten på noko stort

Caprino båttur Runde
På båttur til Runde: f.v. Hilde Kramer (Professor Kunsthøgskulen i Bergen), 
Knut Eide (animasjonsfilmskapar og første praktiske animasjonslærar i Volda),
Trygve Rasmussen (animasjonspioner), Thor Sivertsen (animasjonsfilmskapar)
Morten Skallerud (filmskapar og filmfotograf), Ivo Caprino, Guttorm Larsen (animasjonsfilmskapar og tidlegare Volda-student) og Marit Heggenhougen (bokdesignar og tidlegare Voldastudent). I bakgrunnen: Wilfred Jensenius (animasjonspioner – debut som animatør 1936). Foto: Geir Lillemark

Som eit avbrekk i arbeidet med filmane, vart det arrangert eit seminar om norsk animasjonsfilmhistorie. Ein hadde premiere på eit samansett program med viktige filmar frå den norske animasjonsfilmhistoria. Og vi inviterte dei 4 veteranane i norsk animasjon: Wilfred Jensenius, Ivo Caprino, Trygve Rasmussen og Bjørn Aronsen. Dette var første gong så mange norske animatørar var samla. Mange hadde aldri treft kvarandre før.

Dette seminaret var eigentleg starten på animasjonsutdanninga i Volda. Det vart kjøpt inn utstyr. Sverre Liestøl og Eivind Rønnestad fann ut korleis ein kunne bruke U-matic higband-maskiner til å skyte enkeltbilde. Sony hevda at det ikkje gikk an. Gildet var betalt av det nyoppretta Statens Studiesenter for Film.

Ivo Caprino er truleg den mest kjende filmskaparen i den norske filmhistoria. Flåklypa Grand Prix  (1975) er i særklasse den mest sette norske filmen gjennom tidene. Over fem millionar har sett filmen på kino i Noreg, og den vart også ein stor internasjonal suksess. ‘Alle’ i Noreg kjenner eventyrfilmane om Reveenka og Askeladden. og ikkje minst Karius og Baktus som Caprino står bak.
 

Del på