Festspel og kortfilmfestival

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Dei nynorske festspela opnar i dag 10. juni. – Tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda yter viktige bidrag både i årets program og arrangementet elles, seier festivalprodusent Mathias Vasbotn Remmereit. I tillegg til mange flotte postar på festspelprogrammet, kan publikum også sjå filmar frå Kortfilmfestivalen i Grimstad på Volda filmteater.

Mathias Vasbotn Remmereit har ein bachelor i PR, kommunikasjon og media frå Høgskulen i Volda. Gjennom arbeidet med X2-festivalen i Volda har han lang røynsle frå det å arrangere festivalar.

Mediestudentar og videoproduksjon

– Vi tok kontakt med medieutdanningane i ved Høgskulen i Volda (HVO) med tanke på å få laga videoar som kunne promotere festspela på ein underhaldande og morosam måte. Vi gjorde avtalar med mediestudentane Simon Sjøkvist, Julijane Remmereit og Erlend Arnesen. Dei skal også lage filmar under sjølve festspela slik at fleire kan få eit innblikk i kva som skjer her, seier Remmereit.

Mathias V R
Festivalprodusent Mathias Vasbotn Remmereit har ein bachelor i PR, kommunikasjon og media frå Høgskulen i Volda.

Ungdom

Mathias Vasbotn Remmereit seier at ein i år har vore meir aktive med tanke på å nå yngre målgrupper og studentar.

– Vi er svært glade for at vi i år for første gong har arrangement på studenthuset Rokken i Volda. Der blir det to konsertar med høvesvis Sunnmøre Baarelag og Synne Vo. Baarelaget frå Ørsta spelar rock med tekstar på dialekt og kan reknast som lokale pionerar på Søre Sunnmøre som har inspirert og påverka ei rekkje av artistar som Side Brok, Vassendgutane, Rotlaus og Egil Olsen. Synne Vo frå Lesja i Gudbrandsdalen er også ein stolt dialektbrukar med ei formidlingsevne og ein karakter av dei sjeldne, seier Remmereit.

Bibelen
Professor Per Halse og professor Anders Aschim.

Gudsord og folkespråk

Fleire fagfolk frå Høgskulen i Volda tek del i årets program. I samband med hundreårsjubiléet for den første Bibelen på nynorsk inviterer Høgskulen i Volda og Dei nynorske festspela til eit fagleg seminar måndag 14. juni. På seminaret skal innleiarar med ulik bakgrunn halde innlegg om Fyrebilsbibelen og tilgrensande tema. Professor Per Halse held føredrag om bibelarbeidet i Studentmållaget i Oslo mellom 1916–1921, medan professor Jan Inge Sørbø fortel om tilhøvet mellom bibelen, kyrkjespråket og nynorsklitteraturen.

Kven er Hallstein Bronskimlet d.a.y.?

GS
Gunnar Strøm har skrive bok om Kjell Aukrust.

Fredag 11. juni vil festspeldiktar Sigmund Løvåsen samtale med Gunnar Strøm om denne merkelege figuren i Kjell Aukrust sitt  univers. Bronskimlet er ein forfattar og fritenkjar frå Volda. Han har høge tankar om seg sjølv og har motteke ulike stipend. Han er forfattar av «Eg baska meg trøyt», men blir lite lest.

Kortfilmfestivalen i Grimstad - i Volda!

Høgskulen i Volda og Volda kommune set i samarbeid med Kortfilmfestivalen i Grimstad opp lokale framsyningar av den tradisjonsrike festivalen 9. – 13. juni. Som ein av 12 utvalde kinoar i Noreg, vil Volda Filmteater vise konkurranseprogrammet for norsk kortfilm, dokumentar og musikkvideo.


– Det vert mykje fabelaktig film for særs låge prisar, seier arrangørane.

 

Del på