Innovasjonscamp 2016

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Over 20 grupper à 5 elevar vil få hjelp og støtte av rettleiarar frå oppdragsgjevarane Høgskulen i Volda (HVO), Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS), Volda næringsforum, Sunnmøre kulturnæringshage, X2 festivalen, Volda kommune og Furene AS.

Dei beste ideane blir premierte. Juryen er samansett av Kirsti Gjørvad (Scana), Rune Aasen (SfS), Veronica Kvalen Pilskog (HVO), Per Arne Brandal (HVO) og Atle Vasbotn Remmereit (Oclin AS).

Innovasjonscamp er eit undervisningsopplegg utvikla av Ungt Entreprenørskap ved Møre og Romsdal fylkeskommune som gir elevar, denne gongen frå Volda vidaregåande skule, trening i problemløysing ved hjelp av kreativitet og nytenking. I undervisningsopplegget får elevane eit oppdrag frå næringslivet som dei skal finne og presentere løysingar på innanfor eit avgrensa tidsrom.

Les meir.

c20e82fad1186459beaf8c1b35e13f9a

Del på