ITS VOLDA 2021

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda (HVO) skal 20.-21. april arrangere ITS Volda-konferansen, ein internasjonal konferanse for lærarstudentar i Volda og ved nokre av våre europeiske partnarhøgskular. Tema i år er korleis skular og høgre utdanning har takla pandemien.

Its Volda logo
ITS Volda blir arrangert for andre gong. Denne gongen er konferansen digital.

Meir enn 100 lærarstudentar frå HVO, Åbo Akademi University i Finland, Pädaogische Hochschule Tirol i Austerrike  og University College Absalon i Denmark vil ta del på konferansen.

– ITS Volda-konferansen kom til under eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og The Hogeschool KPZ i Zwolle i Nederland. Første gongen vi arrangerte konferansen var i 2019. I 2020 vart den avlyst på grunn av pandemien. I år er konferansen digital, og vi har rekordmange deltakarar, seier leiar for internasjonalt kontor Arne Humberset.

Back to school - lessons learned from the pandemic

Covid-19 har ført til svært raske og store endringar når det gjeld utdanning og undervisning. Bokstavleg talt har ein over natta gått frå fysisk undervisning til nettundervisning. Sentrale spørsmål på konferansen er mellom anna: Kva har undervisning under pandemien lært oss? Kva har vi sakna, kva har vi tatt for gitt og kva skal vi vere meir merksame på i framtida?

Les meir om ITS Volda 2021

 

Del på