Ketil Jarl Halse - ein utdanningsstrateg ser tilbake

Tekst: David Høyheim Skintveit

- Oppdatert

I 2021 vart medieutdanningane i Volda 50 år. Sidan Møre og Romsdal distriktshøgskule tok i mot sine første mediestudentar i 1971, har medieutdanningane i Volda utvikla seg til å bli mellom dei største i landet. Ein sentral studieentreprenør og fagmann bak suksessen er Ketil Jarl Halse. – Eg gler meg til jubileumsfeiringa i april og vonar at mange tidlegare studentar vil kome og gjenopplive minne frå studietida i Volda.

Når ein undrar seg over korleis ei nasjonalt leiande medieutdanning som i dag har 500 studentar, femti tilsette, fem bachelorgradar og ein mastergrad i eit splitter nytt mediebygg, kunne greie å klore seg fast i Volda, må ein tilbake til slutten av 1960-talet.

Les meir om jubileumsfeiringa som tek til 22. april.

Volda får distriktshøgskule

Den såkalla Ottosen-komiteen kom med mange innstillingar som fekk stor betydning for organisering og utbygging av høgare utdanning i Noreg. Komiteen kom mellom anna med forslag om å etablere distriktshøgskular spreidde utover landet som skulle gje kortare, yrkesretta og alternative studietilbod i høve til universiteta.  I 1969 gjorde Stortinget eit vedtak om at ein distriktshøgskule i Møre og Romsdal skulle leggast til Volda.

Utdanning i mediefag

MAVI jubileumsskriftet «Mot alle vindar. Mediefag i Volda 1971-96», skriv Bjarte Alme at det i august 1970 vart halde eit seminar i Volda der temaet var faginnhaldet ved den komande distriktshøgskulen i Volda.

På seminaret var det mange som tok til ordet for ei utdanning i mediefag, og i oktober vart det sett ned ei plannemnd for ei journalistutdanning der Jostein Fet var sekretær. Medlemmane i nemnda var Ivar Grimstad, Joachim Rønneberg, Steinar Opstad og Per Torsvik. Konsulentar for nemnda var Svein M. Kile, Gunnar Skirbekk, Anita Werner, Trygve Ramberg – og truleg fleire ein i ettertid ikkje har oversikt over.   

Sentrale argument for etablere ei toårig medieutdanning i Volda var mellom anna den skeive rekrutteringa av journalistar i Noreg.  I radio og TV var Oslo-dominansen svært tydeleg. I 1968 kom heile to tredjedelar av journaliststudentane i Noreg frå Oslo og Austlandet. Ei medieutdanning i Volda kunne få ein desentraliserande effekt. Ei hovudsak for nemnda var at medieutdanninga skulle utdanne nynorskbrukande journalistar for lokalpressa. Ein tenkte også at distriktshøgskulen skulle vere ein bastion for nynorsk og utkantkultur.

 

KJH 2021
Ketil Jarl Halse var den første læraren ved medieutdanningane i Volda og arbeidde mykje med radiojournalistikk. Halse var også rektor ved Møre og Romsdal distriktshøgskule dei siste åra før fusjonen med Volda lærarhøgskule i 1994. Han har vore dekan både ved Avdeling for mediefag og Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda.

Den første starten

– Eg var med på Volda-seminaret om dh-utdanningane hausten 1970 og deltok i ei arbeidsgruppe saman med forfattar Rolf Sagen og dåverande rektor ved Møre folkehøgskule, Ivar Grimstad. Eg var engasjert ved folkehøgskulen, Grimstad foreslo meg som referent for arbeidsgruppa, og eg minnest at nemnde Sagen ikkje var heilt nøgd med oppsummeringa mi, seier Ketil Jarl Halse med eit smil. Rolf Sagen var svært aktiv i arbeidet for å få ein dh-skule til Volda.

Sommaren 1971 heldt Halse eit foredrag på Møre folkehøgskule i Ørsta for eit følgje av amerikanske universitetspedagogar på rundtur i Skandinavia for m.a. å gjere seg kjende med «Scandinavian Folk-highschools».

– Ein av dh-pionerane i Volda, Peter Hallaråker, sat i salen og han inviterte meg til Volda for å diskutere eit mogleg engasjement ved den nye distriktshøgskulen. Det viste seg at dei ikkje hadde samfunnsvitarar i staben, og eg var fersk cand.mag. og hovudfagsstudent i sosiologi ved Universitetet i Bergen. Direktør Karsten Førsvoll tilbaud meg jobb etter første handtrykk og viste meg til kontor på den såkalla «Forbundsheimen» som låg like overfor Henrik Kaarstad-huset. Kontoret var ein hybel med vask i hjørnet, fortel Halse.

Slik gjekk det altså til at den første som kom på plass ved medielina i Volda var den 23 år gamle ørstingen Ketil Jarl Halse. Han vart engasjert for eitt år.

Utstyr

Prøvekaninar

Fagpersonalet ved den nye distriktshøgskulen kom til ein arbeidsplass der det var fullt av blanke ark og store utfordringar. Tallause problem skulle løysast før den offisielle starten 1. september 1971. Arbeidsmåten var ei form for dugnad, der alle i prinsippet tok tak i alt, målet var å få den nye institusjonen i gang.

– Vi var prøvekaninar, både studentane og eg. Lite var klart og vi måtte improvisere så godt vi kunne. Eg fekk studieplanane for dei to studia Media og kommunikasjon og Organisasjons- og velferdsarbeid. Mitt ansvar var innføring i sosiologi og samfunnsvitskapleg metode for 60-70 studentar. Det var laga ei førebels pensumliste som måtte fornyast og tilpassast dei tre vekttala sosiologien var tildelt. Dei andre faga var psykologi og pedagogikk. Eg var åleine. Psykologen kom akkurat til studiestart, og pedagogen var ein som var tilsett ved lærarhøgskulen.

KJH same klasserom
Til venstre: Ketil Jarl Halse underviser mediestudentar i det nye Aasen-huset i 1971. Til høgre: Forelesing for mediestudentar i 2014. Same hus, same rom.

Halse fortel at det blei lite media og mykje samfunnsfag i byrjinga, slik var studiet planlagt. Kommunikasjonsteori og medialære skulle først kome i det andre studieåret.

– At dette skulle ende opp som ei journalistutdanning, var slett ikkje klart frå starten av, seier han.

Den andre som skulle kome til å arbeide ved mediefagseksjonen var sørlendingen Olaf Holmer Spetland. Han hadde nettopp vendt tilbake frå utlandet og hadde i det meste av si yrkesaktive tid arbeidd som informasjonsarbeidar i USA og Latin-Amerika.

Den neste i rekka av dei medietilsette kom først ut på hausten. Romsdalingen Gudmund Gjelsten var teolog, tilsett som undervisningsleiar og kom frå ein periode som medarbeidar ved ein kristen radiostasjon i Etiopia.

Ivar Aasen-huset

Førelesingane var i starten i festsalen på Volda gymnas. Utpå hausten 1971 vart Ivar Aasen-huset ferdig, og lærarar og studentar kunne endeleg flytte inn i meir tenlege og romslege lokale.

KJH teikning
Ketil Jarl Halse teikna av Marit Heggenhaugen.

– Det kom billass med møblar og kontorutstyr. Alt vart lossa ved hovudinngangen og dei tilsette kunne ta det dei meinte dei hadde bruk for. Undervisningsleiaren frå Molde, som var på besøk, stussa over at eg hadde fått undervisningsleiarinnreiing på kontoret mitt, det var stol med armlenar og skap med sjalusi. Som den einaste utan skikkeleg tittel, foreslo eg at vi ikkje skulle ha tittel før namnet på kontordørene. Den nye direktøren Gunnar Øygard syns det var greitt og ingen andre sa imot. Men det blei problem då det kom folk på besøk og leita etter direktøren – så han var den første som fekk tittelen på døra, minnest Halse.

-Øygard var ein raus person som synte tillit til sine medarbeidarar, kontroll og styring var ikkje det som prega hans leiarstil.

Utpå hausten bad direktør Øygard Halse reise til Oslo og kjøpe bøker til biblioteket. Han fekk eit svært så romsleg budsjett.

– Det var viktig å bruke opp alt. Budsjettordninga var slik at det ein ikkje greidde å bruke i budsjettåret, gjekk attende til statskassa. Eg rusla rundt i studentbokhandelen på Blindern med eit stor handletralle og plukka samfunnfaglitteratur. Summen til bøker vart rett nok redusert noko fordi vi måtte jo bokhyller også, ler Halse.

Entreprenørskap

Dei andre studietilboda som var klare til studiestart hausten 1971, var norsk grunnfag og eit 2-årig studium i organisasjons- og velferdsarbeid, seinare sosialarbeidarutdanninga. Men arbeidet med å utvide studietilbodet held fram.

– Eg blei sendt til Universitetet i Bergen for å snakke med professor Bjarne Ulvestad ved Tysk institutt med tanke på eit tysk grunnfag i Volda. Som god sunnmøring og vanylving var Ulvestad sjølvsagt positiv. Det vart sett ned ein komité og tysk grunnfag i Volda vart det. Direktør Øygard kjende litt til Jørgen Amdam som då var tilsett ved Landbrukshøgskulen på Ås. Amdam, som seinare vart den første professoren ved Høgskulen i Volda, blei invitert oppover. Det blei tenkt høgt og det enda med det toårige studiet lokalsamfunn og planlegging som kom i gong i 1972, altso for 50 år sidan. Så kom årsstudiet i lokalhistorie.

Tilbake til Bergen

Etter at årsengasjementet tok slutt, vart Halse hyrt inn for å halde innføringsforelesingane i sosiologi. Samtidig fekk han av rektor Per Myklebust ved lærarskulen eit oppdrag om å halde ei forelesingsserie i sosiologi med vekt på utdanningssosiologi for lærarar som tok etterutdanning i samfunnsfag.

– Hausten 1972 var eg vekependlar med studentmoderasjon på Widerøe mellom forelesingar i Volda og hovudfagskurs i statistikk i Bergen.

Våren  1973 fekk Halse ei halv stilling som vitskapleg assistent ved Senter for medieforskning i Bergen. Han fullførte hovudfaget i 1975, vikarierte som universitetslektor og fekk deretter universitetsstipend.

– Eg skulle skrive om journalistrolla i NRK og innsåg tidleg at eg visste for lite om det praktiske, daglege arbeidet, og søkte jobb i NRK Møre og Romsdal. Eg fekk fast tilsetting og var der i halvanna år.

Ketil Jarl Halse fortel at han ikkje veit så mykje om den vidare utviklinga av medieutdanningane utover på 1970-talet då han var i Bergen og NRK.

– Bjarte Alme, som kom frå Sunnmørsposten, var den som først og fremst styrde utviklinga i retning av ei meir yrkesretta journalistutdanning, saman med Eivind Rønnestad som kom frå NRK fjernsynet og Gudmund Gjelsten.  Det blei øvingssendingar på radio under NRK sitt redaktøransvar og det blei laga avis.

Brann og ein ny start

Brann
Brannen i desember 1979 øydela mykje av utstyr og innbu i Aasen-huset.

– I 1980 fekk eg fast jobb som amanuensis i radiojournalistikk ved distriktshøgskulen i Volda. Arne Græsdal, sjefen på distriktskontoret i Ålesund, sa at eg var den første som hadde sagt opp ei fast stilling der. Eg tok til i jobben på i Volda berre nokre veker etter eg hadde laga eit innslag om brannen på dh-skulen til Dagsrevyen.

Arven frå 1968

På 70-talet var dei rådande, i alle fall dei mest uttrykte, haldningane i studentmassen på høgre lærestader sterkt prega av den opprørske 68-arven frå Paris og ulike marxistiske grupperingar. Dette merka ein også i Volda.

– Eg vart litt bekymra over den studentstyrte utdanninga eg kom til. Tilhøva var svært ulike dei eg kjende frå Bergen. Studentane hadde stor innverknad på alle sider ved utdanninga og dei kunne sette «makt bak krava». Det var lange allmøte om eksamensordningar, pensumlister og det faglege innhaldet. På allmøta hadde alle ei stemme, også lærarane, og der blei det tatt viktige avgjerder. Eg opplevde fleire av ordningane som uforsvarlege, meinte dei opna for «gratispassasjerar» i utdanninga og argumenterte for endring. Fleire av studentane ville også ha meir «orden». Nokre av desse, også omtalt som «firarbanden», kom på kontoret mitt og ville ha endringar. Saman med Jørgen Amdam som sat i reglementskomiteen, klarte vi å innføre strammare reglement om eksamen, krav om fleire individuelle arbeid og reduserte storleiken på gruppene under gruppeeksamen. Reglementskomiteen hadde fire medlemmer, to lærarar og to studentar. Ingen hadde dobbelstemme. Bjarne Wærdahl frå Ulsteinvik var studenten på Jørgen og mi side. Då det stod på som verst kom Næravisa, øvingsavisa for journaliststudentane, med følgjande overskrift: «For en Halse-løs skole!».

Det beste av ny teknologi

Brannen i desember 1979 hadde øydelagt mykje av utstyr og innbu i Aasen-huset. Røyken hadde lagt eit seigt belegg på mykje av produksjonsutstyret.

– Den nye starten etter brannen gav oss nytt utstyr. Vi fekk ekstraløyving frå Stortinget og kunne kjøpe nytt. Sverre Liestøl, som kom frå stilling som programingeniør i NRK, visste kva vi burde skaffe oss og vi satsa på det same ustyret som dei brukte i NRK.

SL mediemaster
Sverre Liestøl gjekk av som dekan i 2015 etter 15 år i stillinga. Les festskriftet som vart laga til han.

 

– Nytt utstyr opna også for nye studieformer. Det blei innført ein strengare organisert «internpraksis» der studentane i periodar hadde - og framleis har - regelmessige produksjonar med reell deadline. Avisa skal ut på dato, radiosendinga og fjernsynet skal på lufta til bestemt tid. Dette kravde detaljert organisering av vaktplanar og fordeling av ansvarsområde, studentane var innsatsvillige, tok ansvar og det fungerte. Skulen opna for bruk av utstyr døgnet rundt, i ein reportasje i fagbladet Journalisten var oppsummeringa: «to års utdanning som gir tre års erfaring».

Praksisplassar i NRK og nærradio

– Kyrkje- og undervisningsminister Einar Førde meinte vi skulle få unntak frå NRK sitt monopol og at distriktshøgskulen i Volda skulle få nærradiokonsesjon. Men vi hadde ikkje søkt om nærradio! Eg meinte at det var viktigare at studentane fekk praksisperiode i NRK. Haldninga i NRK var, slik eg las den, at med nærradio i Volda var det lite aktuelt med avtalar om NRK-praksis for studentane.  

Halse fortel at det blei møte i Oslo. Bjarte Alme og Halse møtte kringkastingssjef Torolf Elster, sjefen i opplæringsavdelinga i NRK, Rolf Riktor og ekspedisjonssjef Enevold Skadsem frå departementet.

– Vi fekk det vi ønskte, nemleg praksisperiode for studentane i NRK. Noko seinare fekk vi så løyve til å drive nærradiosendingar for å førebu studentane best mogleg for NRK-praksisen. Radio Volda-sendingane la vi opp etter distriktskontormalen, med lokale nyheitssendingar, aktuelt og magasininnslag med alt frå konsertopptak til portrettintervju. Og vi lukkast med opplegget. Forhandlingane om studentutplassering NRK blei lettare og lettare, og eit vanleg spørsmål frå NRK-hald vart: «Har du ikkje ein student til oss i år?»

Film eller video?

Men det var også vanskelegare val.

– «La filmen leve» aksjonen var retta mot vektlegginga av video. Sterkt engasjerte filmstudentar ville ha 16mm film og klippebord. Dei ville ikkje snakke med meg etter at eg ville prioriterte video.

Filmutdanninga

Teknologi og innhald

Då Hans Strøm huset stod ferdig i 1984 fekk journalistutdanninga heilprofft fjernsynsstudio –  det største mellom Bergen og Trondheim – ditto radiostudio og topp moderne redigerings/layout-utstyr for avis.

Nærsynets si første direktesending i samband med opninga av Hans Strøm-huset.

Dei som kjenner Ketil Jarl Halse som fagperson eller leiar, karakterisere han gjerne som engasjert, direkte og tydeleg. Han er ein kritisk intellektuell og ein veldig interessant samtalepartnar. I tillegg til å vera ein god medielærar, er han også svært oppteken av samfunnet. Han er ein engasjert person som alltid stiller kritiske spørsmål til leiande idear i samtida. Dette er eit journalistisk trekk, han har utdanna unge menneske til kritiske journalistar og er alltid kritisk sjølv.

Ketil Jarl Halse vert rekna som ein svært sentral grunder og entreprenør i utviklinga av mediefaga i Volda. Han har hatt sentrale og viktige idéar om korleis medieutdanningane i Volda skulle utviklast. Når medieutdanninga i Volda vart så kjende og respekterte, og framleis er dei mest kjende studia i Volda nasjonalt, har Halse sin del av æra. Ikkje minst var den tette kontakten med NRK og ordninga med praksisplassar der viktig frå tidleg av. Hans roller som instituttleiar, og seinare dekan og rektor, understrekar denne funksjonen.

– Eg vonar at eg har planta tvilen. Den gnagande kjensla av at vi ikkje veit nok, og at vi difor alltid kritisk må prøve våre standpunkt og utfordre våre fordomar.

– Medieutdanningane i Volda har vore rimeleg frampå når det gjeld bruk av ny teknologi og tekniske løysingar og utstyr. Dette har skjedd i samarbeid med folk i bransjen anten det gjeld nye opptaks- og redigeringssystem for kringkasting eller nye publikasjonsmåtar for avis. Også no, når alle arbeider med alt – og alt det nye. Eg trur studentane er godt budde for dei stadige endringane i «medieverda». Samtidig håpar eg at dei har med seg solid kunnskap om arbeidsmåtar og metodar knytt til innhald, at dei har eit godt kunnskapsgrunnlag, refleksjonsgrunnlag og eit etisk grunnlag for å arbeid som journalistar. Den uavhengige, sanningssøkande og etisk kompetente journalisten ser ut til å få ei stadig viktigare oppgåve, understrekar Halse.

Om si eiga rolle

– Kva vil du trekke fram som viktig og sentralt i ditt virke innanfor dette fagfeltet og i arbeidet med å utvikle fagmiljøet og studietilboda i Volda?

Mediekonferanse– På 70-talet hadde journalistutdanningane i Oslo og Volda lite kontakt med universitetsmiljøa. Eg hadde arbeidd med mediefaglege spørsmål ved Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen, og var tilsett ved det som heitte Senter for medieforskning. Det gav meg kontaktar ved Institutt for presseforskning i Oslo og andre nordiske medieforskingsmiljø. Og eg trur eg hadde ei rolle i det å få Volda på kartet overfor desse miljøa. Det var nok fleire som til dømes stussa då vi i 1983 tok på oss å arrangere den nordiske medieforskarkonferansen for 150 tilreisande. Formelt var det i samarbeid med Universitetet  Bergen, der professor Helge Østbye let seg bruke som garantist for at dette kom til å gå bra. Og vi lukkast – med glans, i følgje rapportane i ettertid. Tida i NRK Møre  og Romsdal var sjølvsagt også ei nyttig erfaring. Sjølv fekk eg som tilsett fleire roller i komitear og møte om utdanningane, i samtalar med departement og stortingsrepresentantar, i medieforskarlaget, i Rådet for anvendt medieforskning, i fagrådet for medieutdanningane, i den nordiske samarbeidskomiteen for journalistutdanningane. Eg blei ofte ein slags talsmann og representant for utdanningane i slike samanhengar.

I avdelinga var eg nok ein pådrivar for ei meir detaljert planlegging av undervisninga og tydlegare forventningar om studentaktivitet. Det kom detaljerte semesterplanar med oversikt over forelesingar med tilhøyrande pensum, krav om innlevering av fleire skriftlege øvingar, vaktoppsett for det redaksjonelle arbeidet og sende- og publiseringsplanar.  Vi tapte kanskje litt i fleksibilitet, men studentinnsatsen auka vesentleg. Eg var oppteken av at studentane skulle møte teoretiske, historiske og kritiske perspektiv på media og journalistikken. Utdanninga måtte ikkje drukne i praktiske øvingar og teknikk.

Og så blei du rektor for dh-skulen.

– Det var i vekstperioden under statsråd Gudmund Hernes. Han hadde vore leiar for fleire utgreiingar om høgare utdanning, og nemnt medieutdanninga i Volda som døme, gode, i nokre samanhengar. Eg fekk god kontakt med nokre stortingsrepresentantar som tala vår sak, og resultatet vart ny start av informasjonsutdanninga, dokumentarfilmstudiet og animasjonsutdanninga. Studenttalet auka og medieavdelinga fekk fleire tilsette. Dh-Volda var den høgskulen som hadde størst prosentvis vekst på 90-talet. Denne veksten i studenttal gjaldt fleire utdanningar og nye studium, og gav viktige  argument i konkurransen om nybygg. Det kom med Berte Kanutte-huset. Men som rektor var kanskje det viktigaste å arbeide for ein høgskule i Volda, samanslåing av dh og lærarhøgskulen, og samtidig motarbeide tanken om ein felles høgskule i fylket. Departementet ønska ei slik fylkesløysing, og høgskulestyret ville ha det som eit alternativ - heldigvis opna stortingskomiteen for slike løysingar som vi fekk. I komiteen sat nordfjordingen Leiv Blakset, og han, saman med Jørgen Holte, var viktige medspelarar for oss i fleire samanhengar.

Animasjonsfilmutdanning

Om jubileet

Det skal bli moro, eg kjem til å gå rundt som ein «leivning» frå 70, 80 og 90-talet, og eg håpar at mange «boostervaksinerte» pensjonistar og eldre, røynde mediearbeidarar har lyst å oppfriske minne frå ungdomstida og studietida på nytt.

Under jubileumsfeiringa som tek til 22. april 2022 vert det storslagen feiring med fagleg seminar og sosiale aktivitetar med innlegg frå tidlegare studentar, god mat og mykje mimring. Her finn du program, glimt frå arkivet og videoar og intervju med noverande og tidlegare studentar.

 

Bernander
NRK-sjef Bernander på besøk i 2004. Frå venstre: Reidulf Botn, Sverre Liestøl, Svein Smørdal, Bernander og Ketil Jarl Halse.

Del på