Koronakrisa: Fullteikna kurs i personalleiing

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Grunna Koronasituasjonen har Regjeringa bedt universitets- og høgskulesektoren om å tilby kompetansehevande studietilbod retta mot permitterte og arbeidsledige våren 2020. – I samarbeid med mellom andre Maritim foreining for Søre Sunnmøre tilbyr Høgskulen i Volda «Personalleiing for mellomleiarar», eit kurs som raskt vart fullteikna med folk frå ei rekkje ulike bedrifter og verksemder, seier kursansvarleg førstelektor Magnar Hjertenæs.

 

MagnarHjertenæs
Førstelektor Magnar Hjertenæs
ved Avdeling for samfunnsfag og historie.

– Kurset «Personalleiing for mellomleiarar» er ei tilrettelegging av eit kurs eg gjennomførte fem-seks  gongar i perioden 2012 – 2016 i eit samarbeid med Maritim foreining for Søre Sunnmøre (Mafoss). I samband med situasjonen som oppstod i mars, tok Mafoss kontakt og lurte på om det var mogleg å lage ein digital versjon av kurset. Den utfordringa syntest eg var fagleg veldig spennande og utviklande. Ei skisse vart drøfta med aktuelle personar i Mafoss og andre samarbeidspartnar dei har i den maritime klynga. Kurset kom deretter med i pakken som er dels finansiert gjennom BIO-ordninga (bedriftsintern opplæring), seier Hjertenæs. ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda.

Kurset er etterutdanning og gir ikkje studiepoeng. Kurset dekkjer om lag halvparten av innhaldet i emnet Grunnleggande innføring i leiing - IPA 171. Det var lagt opp til 20-25 deltakarar, og 23 personar fekk plass. Dei er i hovudsak heilt eller delvis permitterte, og kjem frå ei rekkje ulike bedrifter og verksemder knytt til dei aktuelle næringsklyngene lista opp i faktaboksen.

  • Ålesund kunnskapspark (ÅKP) og Mafoss har på vegner av næringslivet søkt Møre og Romsdal fylkeskommune om midlar gjennom BIO 2-ordningen (bedriftsintern opplæring) til å starte opp nettbaserte opplæringstiltak under koronapandemien.
  • Kurspakken er utarbeidd i samarbeid med næringsklyngene GCE Blue Maritime, NCE Blue Legasea og Digicat – Norsk katapultsenter
  • Kursa er fullfinansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og gratis for deltakarane. Bedrifter, permitterte tilsette og enkeltpersonar i heile Møre og Romsdal kan nytte seg av tilbodet.  
  • Personar som er heilt og delvis permitterte er prioriterte, men også tilsette i jobb kan søke på ledige plassar.
  • NTNU i Ålesund, Høgskulen i Volda, Marint kompetansesenter og ei rekkje andre kursleverandørar står for det faglege innhaldet.
  • De første kursa startar 19. mai og det vil komme nye kurs framover heilt til oktober 2020.
  • Tiltaka er ein del av dei nasjonale krisepakkane under koronapandemien.

Vidare oppfølgjing

– Deltakarar som ønskjer det, har fått tilbod om å seinare fylgje delar av ordinær undervising. Dei søkjer då opptak, betalar semesteravgift og tek eksamen på emnet saman med ordinære studentar studieprogrammet Bachelor i samfunnsplanlegging, seier førstelektor Magnar Hjertenæs ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda.

Kurset starta 19. mai og skal gå fram til 3. juli. Det er sett saman av 8 modular, der kvar modul inneheld presentasjonar, videoar, litteratur, oppgåver og diskusjonar.

– Deltakarane har eit rom i den digitale læringsplattforma Canvas der det er lagt opp læringsløyper som dei må fylgje for å kome vidare. Kvar modul vert avslutta med ei fellessamling i videokonferanseverktøyet Zoom med gjennomgang av læringsmåla, gruppearbeid og diskusjon i plenum. Deltaking og gjennomføring gir alle eit kursbevis. Dei deltakarane som ynskjer det vil også ha høve til å søkje opptak og eksamen på emnet IPA 171 i veke 40. Det er også gjort avtale om eit nytt kurs i frå slutten av august, dersom det framleis er behov for dette, seier Hjertenæs.

Del på