– Lærer mykje

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– I dag har eg lært meir enn det eg har lært på skulen om vegar eg kan gå vidare i livet, seier Emma Marie Ristesund Beitveit. Emma og 800 andre tiandeklassingar frå kommunane på Sunnmøre vitjar Høgskulen i Volda i samband med Karrieredagane 2019.

Karrieredagane i Møre og Romsdal har som mål å gje tiandeklassingane i fylket betre kjennskap til utdanningsinstitusjonane i fylket og lokalt og regionalt næringsliv.  

Kunnskapen skal hjelpe elevane til å gjere rette fagval i den vidaregåande skulen, noko som også kan redusere fråfall.

Karrieredagane i Volda er eit samarbeid med Høgskulen i Volda (HVO), Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane i  Sjustjerna.

Nyttig

– Dette er veldig lærerikt, seier Ada Alexandra Brekke Olsen. Vi får mykje informasjon om kva vi kan jobbe med når vi blir eldre.

Både Ada og Emma har bestemt seg for å velje utdanningsprogrammet TIP (teknikk og industriell produksjon) i vidaregåande.  Utdanningsprogrammet fører fram til yrke innan teknisk industri, skipsindustri, tekoindustri, bilindustri, kjemisk prosessindustri og i oljebransjen.

– Vi veit ikkje heilt kva vi vil bli enno, men vi har i alle fall ikkje lyst til å sitte på kontor, seier jentene i kor.

Tre frå ungdomsskulane på Kvamsøya og Sandsøya i Sande kommune. Frå venstre: Emma Marie Ristesund Beitveit, Ada Alexandra Brekke Olsen og Mathias Myskja.

Mathias Myskja var fast bestemt på å eit studieførebuande utdanningsprogram.

– No tenkjer eg annleis. No synest eg ei utdanning som kan gje meg eit arbeid til sjøs verkar freistande, seier han.

Over 800 tiandeklassingar frå Sunnmøre skal i løpet av to dagar innom 16 postar i husa til HVO og i Idrettshallen der dei får eit innblikk i utdanning, yrke og karrierevegar i privat og offentleg sektor i fylket vårt.

Del på