Media i Volda 50 år

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– I år kan medieutdanningane i Volda feire 50 år, noko vi vil feire heile året til ende, seier Gunnar Strøm, stolt veteran og entusiastisk lærar på media i Volda sidan 1984. I jubileumsåret flyttar medieutdanningane inn i eit flunkande nytt mediebygg som vil stå klart til jubileumshelga i oktober.

– Fram mot jubileumshelga 30. september – 2. oktober vil vi på høgskulen sine nettsider publisere glimt frå arkivet, videoar og intervju med noverande og tidlegare studentar og tilsette som vil gje publikum eit innblikk i mediefaga i Volda si historie og den rivande utviklinga vi har sett frå den spede starten i 1971 fram til 2021. Eg trur at inga anna bygd i heile verda er så omfattande dokumentert med film, video, radio og foto dei siste 50 åra som Volda, seier Strøm.  

Merkevare

Sidan Møre og Romsdal distriktshøgskule tok i mot sine første mediestudentar i 1971, har medieutdanningane i Volda vakse og utvikla seg til å bli mellom dei største i landet og ei viktig merkevare for Høgskulen i Volda.

– Ingen annan høgare utdanningsinstitusjon i Norge har utdanna så mange profesjonelle mediefolk i eit så breitt spekter som Høgskulen i Volda. Medieutdanningane i Volda er framleis i front som den største og breiaste medieutdanninga i landet. Kvar dag ser dei tilsette på Avdeling for mediefag gjennom ulike norske media tidlegare studentar frå Volda. Dei har alltid vore dei viktigaste ambassadørane våre, seier Gunnar Strøm.

Program jubileumshelga

50-årsjbileet vil feire dei 50 åra som har gått sidan dei første mediestudentane kom til Volda hausten 1971.

– Under jubileet vil vi både mimre og sjå framover. Programmet er ikkje heilt klart enno, men det vert eit fagleg arrangement i regi mediestudentane på studenthuset ROKKEN på kvelden torsdag 30. september. Fredag 1. oktober arrangerer vi ein fagdag med eit aktuelt tema med eksterne og interne krefter, kunstnarlege innslag og paneldebatt. Seinare på fredagskvelden vert det festmiddag. Laurdag den 2. oktober blir dagen for mimring, seier Strøm som viser til at meir informasjon vil kome på nettsida til jubileet.

Gunnar Strøm er internasjonalt kjend for sitt arbeid for animasjonsutdanninga i Volda og animasjonsfilm nasjonalt og internasjonalt.

Nytt mediehus

Hausten 2021 tar Høgskulen i Volda i bruk eit splitter nytt mediebygg som er tilpassa ei medieutdanning for framtida. Bygget skal huse alle dei mediefaglege utdanningane, 500 mediestudentar og femti tilsette.

Tilbakeblikk

Ein kan undre seg over kvifor ei medieutdanning skulle klore seg fast mellom fjordar og fjell i Volda.

På slutten av 1960-talet kom den sokalla Ottosen-komiteen med mange innstillingar som fekk stor betydning for organisering og utbygging av høgare utdanning i Noreg. Komiteen kom mellom anna med forslag om å etablere distriktshøgskular som skulle gje kortare, yrkesretta og alternative studietilbod i høve til universiteta.  I 1969 gjorde Stortinget eit vedtak om at ein distriktshøgskule i Møre og Romsdal skulle leggast til Volda.

Mot alle vindar

I jubileumsskriftet «Mot alle vindar. Mediefag i Volda 1971-96» skriv Bjarte Alme at det i august 1970 vart halde eit seminar i Volda der temaet var faginnhaldet ved den komande distriktshøgskulen i Volda. På seminaret var det mange som tok til ordet for ei utdanning i mediefag, og i oktober vart det sett ned ei plannemnd for ei journalistutdanning der Jostein Fet var sekretær. Medlemmane i nemnda var Ivar Grimstad, Joachim Rønneberg, Steinar Opstad og Per Torsvik. Konsulentar for nemnda var Svein M. Kile, Gunnar Skirbekk, Anita Werner, Trygve Ramberg – og truleg fleire vi i ettertid ikkje har oversikt over.   

For planleggarane nærma studiestarten hausten 1971 seg med raske steg. Kven skulle undervise, planlegge og drive fram oppbygginga av medieutdanninga?

Ketil Jarl Halse

Den første som kom på plass var den då 23 år gamle Ketil Jarl Halse frå Ørsta. Halse var hovudfagsstudent i sosiologi i Bergen, men vart «headhunta» og engasjert for eitt år. Etterpå gjorde han ferdig hovudfaget, arbeidde nokre år ved Universitetet i Bergen og halvanna år i NRK Møre og Romsdal før han vart tilsett som amanuensis og seinare linjeleiar ved medielinja i 1980.

Ketil Jarl Halse var den første læraren ved medieutdanningane i Volda og arbeidde mykje med radiojournalistikk. Halse var også rektor ved Møre og Romsdal distriktshøgskule dei siste åra før fusjonen med Volda lærarhøgskule i 1994. Han har vore dekan både ved Avdeling for mediefag og Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda.

– Eg var med på Volda-seminaret om dh-utdanningane hausten 1970 og deltok i ei arbeidsgruppe saman med forfattar Rolf Sagen og dåverande rektor ved Møre folkehøgskule, Ivar Grimstad, som også hadde engasjert meg som medarbeidar ved folkehøgskulen. Grimstad foreslo meg som referent for arbeidsgruppa og eg minnest at nemnde Sagen ikkje var heilt nøgd med oppsummeringa mi, seier Ketil Jarl Halse med eit smil.

Sommaren 1971 heldt Halse eit foredrag på Møre folkehøgskule i Ørsta for eit følgje av amerikanske universitetspedagogar på rundtur i Skandinavia for m.a. å gjere seg kjende med «Scandinavian Folk-highschools».

– Ein av «dh-pionerane» i Volda, Peter Hallaråker, sat i salen og høyrde på foredraget. Han inviterte meg til Volda for å diskutere eit mogleg engasjement ved den nye distriktshøgskulen. Det viste seg at dei ikkje hadde samfunnsvitarar i staben, og eg var fersk cand.mag. Direktør Karsten Førsvoll tilbaud meg prompte jobb etter første handtrykk og viste meg til kontor på den såkalla «Forbundsheimen», det var ein hybel med vask i hjørnet, fortel Ketil Jarl Halse.

Det var mykje som ikkje var klart. Halse skulle ha ansvar for innføringa i sosiologi og samfunnskunnskap. Han oppdaterte ei førebels liste til pensum, laga forelesingsplan og studentoppgåver for det første haustsemesteret. Forelesingane var i starten i festsalen på gymnaset. Utpå hausten 1971 vart Ivar Aasen-huset ferdig og lærarar og studentar kunne endeleg flytte inn i romslege lokale.

Til venstre: Ketil Jarl Halse underviser mediestudentar i det nytt Aasen-hus i 1971. Til høgre: Forelesing for mediestudentar i 2017. Same hus, same rom.

Fleire glimt frå arkivet, nyheiter og informasjon

Vi minner om at vi i tida framover vil på nettsidene til Høgskulen i Volda publisere fleire glimt frå 50 år med medieutdanning i Volda, videoar med tidlegare studentar og podkastar. Følg med på hivolda.no og jubileumssidene.

Del på