–Spennande og kjekt

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Godt over 1000 avgangselevar i vidaregåande opplæring og folkehøgskular i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane besøkte Høgskulen i Volda under dei åttande Utdanningsdagane 30. og 31 oktober.

Utdanningsdagane skal gje elevane betre kjennskap til Høgskulen i Volda (HVO), høgre utdanning generelt og framtidige karrierevegar. På ei rekkje postar på høgskuleområdet får elevane informasjon om dei mange studietilboda ved høgskulen direkte frå HVO-studentar og fagleg tilsette. Også NTNU, avdeling Ålesund og Høgskulen i Molde er også til stades med sine studietilbod.

 

På terskelen inn til høgre utdanning. Sofie Solberg, Julie Sande Sollid, Jannike Melheim, Sol Sande Sollid og Maria Avløyp Lundebrekke kjem frå Stryn vidaregåande skule. Alle synest at Utdanningsdagane er eit godt tiltak.

– Spennande og kjekt

Sofie Solberg, Julie Sande Sollid, Jannike Melheim, Sol Sande Sollid og Maria Avløyp Lundebrekke kjem frå Stryn vidaregåande skule. Alle er samstemte i at Utdanningsdagane er eit godt tiltak.

– Det å kunne kome hit er so mykje betre enn å lese om høgskulen og studietilboda på nettet eller i ein brosjyre. Det er spennande og kjekt, seier dei i kor.

– Mange er usikre på kva utdanning dei skal ta etter vidaregåande. Difor er både nyttig og interessant å kunne få snakke direkte med studentar og tilsette om studietilboda her, seier Julie og Jannike.

 

Prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Viktige val

Under opninga var prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim mellom anna inne på at vala ein gjer når det gjeld utdanning vil setje eit stort preg på resten av livet.

– Det viktigaste som skjer i dag er at de tenkjer nøye gjennom framtida og kva utdanning som passar deg. Høgskulen i Volda har over 150 studietilbod so bruk dagen godt. Ikkje ver redd for å stille spørsmål til dei tilsette og studentane, sa han.  

 

Raul Gran kjem frå Spania og har studert ved universiteta i Sevilla og Grenada. I Volda har han teke ein master i helse og sosialfag og ei bachelorutdanning i friluftsliv. – Volda is a place you'll never forget, seier han.

Studiebygda Volda

Før elevane gjekk til postane i dei ulike bygga på høgskuleområdet, fekk dei innblikk i nokre sider ved Høgskulen i Volda og studiebygda Volda.

Både leiaren i Studentparlamentet Trym Nikolas Rimmen og Raul Gran, internasjonal student frå Spania, var inne på dei mange gode kvalitetane ved studentmiljøet i Volda. Ord som gjekk att var sosialt, kreativt, aktivt, trygt, nært og mangfaldig. Sentrale element i studentmiljøet i Volda er også studenthuset ROKKEN og ei rekkje spennande festivalar som X-2, Dokumentarfilmfestivalen, Animasjonsfilmfestivalen og VEKA.    

Raul Gran var særleg oppteken av den storslegne naturen rundt Volda.

– Eg er leiar for Natura og har ein bachelorutdanning i friluftsliv. Naturen her byr på ei rekkje flotte opplevingar og er i seg sjølv god grunn å velje Volda som studiestad. Volda is a place you will never forget, avslutta han.

Internasjonalisering

Leiar for Internasjonalt kontor ved HVO, Arne Humberset, peika på at høgskulen har som må å gje alle studentane ein internasjonal komponent i utdanninga si.

– Ein slik komponent kan vere studieopphald i utlandet, praksis i utlandet eller internasjonale forelesarar her i Volda, sa han.

Arne Humberset oppfordrar alle til å ta eit studieopphald i utlandet. – Eit utanlandsopphald gir nye impular, nye erfaringar og mange nye minne.

Heimesnekra prog-rock

Studentar ved musikkutdanninga ved høgskulen har trufast levert musikkinnslag på Utdanningsdagane i mange år. I år var det studentbandet Steel Eyed Killer Davies som sytte for musikken.

– Vi er relativt nystarta og spelar ein form for progressiv rock. Vi spelar ein del cover-låtar men målet er å spele berre musikk vi har laga sjølve, seier vokalist og gitarist Truls Henrik Frøyaker.

 

Studentbandet Steel Eyed Killer Davis frå musikkutdanninga.

Nokre glimt...

Del på