Studiestart med Knut Olav Åmås
Direktør Knut Olav Åmås i stiftinga Fritt Ord er årets hovudtalar under Høgskulen i Volda sin opningsseremoni tysdag 18. august. Opninga av studieåret vil finne stad ute bak Berte Kanutte-huset. Høgskulen sitt eige symfoniorkester under leiing av Ketil Grøtting vil også kaste glans over dagen.
Knut Olav Åmås er forfattar, filosof, redaktør og politikar. Han var frå 2013 til 2014 statssekretær i Kulturdepartementet. Frå hausten 2014 overtok han som direktør i stiftinga Fritt Ord.
OPNINGSSEREMONI tysdag 18. august kl. 12.00 - PROGRAM
- Opningsfanfare
- Velkomst v/rektor Johann Roppen
- Symfoniorkesteret: Bojarenes inntogsmarsj.
- Tale v/Knut Olav Åmås
- Symfoniorkesteret: Solveigs sang
- Helsing frå rektor
- Allsong: «Nordmannen» av Ivar Aasen
- Utdeling av studentprisen for 2015
- Orientering ved fadderane
Opninga blir i området mellom Berte Kanutte-huset og Synnøve Riste-huset til høgre på biletet.