Studiestart for vidareutdanning i aktiv omsorg

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Dette er eit annleis studium.  Musikk, som så til dei grader appellerer til kjenslene våre, skal verte knytt til kunnskap, og det innanfor sosialfaglege og musikkfaglege perspektiv.  Vi veit no at for sårbare menneske og menneske i utsette situasjonar kan musikk tilføre livet. Målretta miljøarbeid kan altså bidra til å få opna nokre kognitive og mentale spor som gjer at ein hugsar meir, forstår meir og kan hende let sjukdoms- og aldringsprosessen gå aldri så lite seinare, sa instituttleiar Conradi i helsinga si.

d77506db0cee916b79e6f0eb993cca8e2e80b29d

18 nye studentar frå Averøy, Aure, Kristiansund, Molde, Ålesund, Herøy, Ørsta og Volda har teke til på "Musikk i målrette miljøarbeid"..


 

Studiet er basert på forsking og erfaringsbasert kunnskap. Det inneber at studentane ut over song og musikk skal gjennom ein del teori i form av førelesingar og pensum, og studentane skal sjølve formidle både skrifteleg og munnleg innanfor fagsjangeren.

– For nokre av dykk, som har ikkje tidlegare har møtt denne forma for kunnskap eller for andre som det er særs lenge sidan satt på skulebenken, tar det kanskje nokre ekstra rundar. Men slik er det alltid når ein skal inn i nye prosessar. Ver ikkje for utålmodige med dykk sjølve! Og som alltid når ein er student, så er det eit visst tilhøve mellom det ein investerer og det ein haustar. Eit lite råd frå meg er å kome i gong med pensum rimeleg kjapt, oppmoda Conradi.

– Studiet er banebrytande for Institutt for sosialfag. De som er her i dag er det første kullet. Før hadde vi berre Miljøarbeid i demensomsorga (MILD) som eitt emne som det berre var karakterutskrift på. Men no som vi har fått eit emne til, kan vi kalle det program. Og de studentar som har begge emna får dette som vitnemål på vidareutdanning i AKTIV OMSORG. Eg har lyst til å rette ein stor takk til Anne-Sofie Egset frå instituttet vårt, som saman med Øystein Salhus frå seksjon for musikk ved Avdeling for kulturfag har utvikla dette emnet, sa instituttleiaren. 

Del på