Betre løn og lettare jobbmarknad med matematikk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Etter reforma med Kunnskapsløftet ser vi tydeleg at fleire studentar er bevisste på realfag og matematikk, seier førsteamanuensis Topphol.
- Her ved Høgskulen i Volda har vi satsa på matematikk som ein viktig del av Kunnskapsløftet for lærar både på barnetrinnet og ungdomstrinnet.

studentarbeid_520

På lærarutdanningar landet over har matematikk gått frå å vere eit problemfag til eit av dei meir populære faga, skriv fleire aviser i dag.I Aftenposten og på vg.no les ein at fleire studentar reknar matematikk som viktig allmennkunnskap.
- Eg har fått ny forståing for matte. Korleis den er meir relatert til kvardagen, og korleis den kan nyttast i skulen, seier ein av studentane til avisa.

Betre føresetnader i arbeidsmarknaden
- Fleire innser nok at dei er betre stilte i konkurransen om arbeid med realfagskompetanse, trur førsteamanuensis Topphol i ved lærarutdanninga i Volda.

- Matematikkunnskap og realfaglege kvalitetar er eit av satsingsområda i Kunnskapsløftet.

Kommunane følgjer opp
Kommunane får midlar for kompetanseheving hjå lærarar gjennom Kunnskapsløftet, og då er matematikk framheva som eit av stasingsområda.

- Høgskulen i Volda si stasing mot kommunane har gitt gode resultat, fortel også prosjektleiar for Kunnskapsløftet i Volda, Oddbjørn Nes.


- Matematikken er etterspurt når kommunane no får høve til å vidareutdanne lærarane sine, seier Nes, og viser til fleire samarbeidsavtalar der Høgskulen i Volda er med på å gje tilsette i kommunane faglege løft.

- Vi har mellom anna gått inn i eit samarbeidsprosjekt som vi kallar Sjustjerna, der kommunane på Søre Sunnmøre nyttar Høgskulen i Volda til sin regionale kompetanseleverandør i deira kunnskapsløft.

- I tillegg har vi eit liknande prosjekt på trappene for romsdalsregionen, fortel Oddbjørn Nes.

- Dette er samarbeid og tiltak som går over tid, og vert ein vinn-vinn-situasjon der våre høgskuletilsette reiser ut og møter lærarar i deira praksisfelt som rettleiarar. På den måten får Høgskulen viktige og nyttige innspel for å gjere utdanninga betre, forklarar Nes.

Matematikk er artig og nyttig
- Her ved Høgskulen i Volda prøvar vi å gje studentane ei positiv haldning til bruken av matematikk, held førsteamanuensis Topphol fram.

- Matematikk er nyttig, men det skal vere litt artig også, seier han med eit smil.

Kompetanseheving gjev betre løn
- I Oslo kommune får ein eit lønstrinn ekstra dersom ein har 60 studiepoeng ekstra i matematikk, og med 120 studiepoeng aukar du med to lønstrinn, kommenterer leder Ingvild Holden ved Nasjonalt senter for matematikk i opplæringen.
- Det handlar ikkje berre om boka, men å få elevane begeistra og til å forstå kva matematikk handlar om, legg ho til i eit intervju med aftenposten.no.


> Les meir om Kunnskapsløftet ved Høgskulen i Volda
> Les om studietilboda innan realfag
> Les heile stykket om matematikk på forbruker.no

Del på