Bli lektor med erfaringsbasert master

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda tilbyr fire mastergradsutdanningar på deltid for lærarar som ønskjer lektorkompetanse.  –  Eg trivst veldig godt i ungdomsskulen, men den erfaringsbaserte masteren vil gi meg lektortittel og kompetanse til å undervise i vidaregåande skule også, seier lærar og masterstudent Malin Kaldhol.

Dei fire erfaringsbaserte mastergradane ved Høgskulen i Volda er retta mot lærarar som har fullført lærarutdanning og som har 60 studiepoeng i anten norsk, engelsk, samfunnsfag eller matematikk.

Mastergradsutdanningane er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking. Fordjupingsfaget blir sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng.

Undervisninga er på deltid med undervisning på høgskulen ein til to dagar i veka.

– Klar for meir kompetanse

– Eg fekk høyre frå ein kollega at Høgskulen i Volda hadde noko spennande på gong for lærarar i arbeid. Den erfaringsbaserte masterutdanninga er eit 3-årig deltidsstudium. Det er eitt år kortare enn det som er vanleg deltid, noko som er eit stort pluss når ein studerer ved sidan av jobb, seier Malin Kaldhol.

Kaldhol meiner at utdanninga ho tek gjer henne meir konkurransedyktig på arbeidsmarknaden, gir meir løn og større fleksibilitet.

– Alle nyutdanna lærarar kjem no ut i arbeidslivet med lektortittel etter eit femårig masterløp. Å kunne fylle dette «lønsgapet» er sjølvsagt eit insentiv. Eg trivst veldig godt i ungdomsskulen, men den erfaringsbaserte masteren vil gi meg lektortittel og kompetanse til å undervise i vidaregåande skule også.

MAlin Kaldhol

Malin Kaldhol er 31 år, gift, og har tre gutar i alderen 3, 5 og 9 år. Ho jobbar i ungdomsskulen og er kontaktlærar for ei 10.klasse.

Kaldhol fullførte ein bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda i 2012. Ho har 60 studiepoeng i engelsk. Ho tok så PPU og var ferdig utdanna adjunkt i 2013. Same år fekk ho jobb på Ulstein ungdomsskule der ho har vore i snart 8 år.

– Meir tyngde som språklærar

– Dei emna vi har vore igjennom til no, har vore relevante i forhold til jobben min og undervisninga mi. Eg føler at den kompetansen eg tileignar meg på studiet kan brukast direkte i klasserommet. Eg kjenner at eg har fått meir tyngde som språklærar og er tryggare på min eigen kompetanse. Eg fått testa ut gode strategiar for læring av språk i klasserommet, og eg har også fått friska opp i ulike undervisningsmetodar og teoriar. Alt dette har vore veldig nyttig, seier Malin Kaldhol.

Deltid på hausten, heiltid til våren

Det er deltidsutdanninga som startar opp hausten 2021. For dei som ønsker å ta erfaringsbasert master på heiltid, startar undervisninga i vårsemesteret 2022. Undervisninga er i hovudsak i Volda, to til tre dagar i veka. I studietilbodet finn du oversikt over kva dagar dette gjeld, undervisningsmetodar og ansvarlege du kan ved Høgskulen i Volda om du har spørsmål. 

Del på