– Bør ha fleire førskulelærarar i barnehagen
Berre rundt ein tredjedel av dei tilsette i barnehagane har pedagogisk utdanning. – Det burde vere fleire, seier førsteamanuensis Gerd Sylvi Steinnes til NRK Møre og Romsdal.
Gerd Sylvi Steinnes ved Høgskulen i Volda disputerte nyleg for doktoravhandlinga si om førskulelærarane si rolle. Ho har spurt tilsette i tusen barnehagar her i landet om kva kompetanse dei har og korleis arbeidsdagen deira er.
Les meir på NRK Møre og Romsdal.
Gerd Sylvi Steinnes disputerte 21.11.2014 for graden ph.d. i profesjonsstudium med avhandlinga "Profesjonalitet under press? Ein studie om førskulelærarar si meistring av rolla i lys av kvalifiseringa til yrket og arbeidsdelinga med assistentane".