Fagdag om digitale verkty i undervisninga

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I følgje strategiplanen skal Høgskulen i Volda vere «ei drivande kraft i livslang læring prega av innovasjon for læring i eit digitalt samfunn.»

Dette stiller nye krav til både pedagogisk kompetanse og til infrastruktur og støttefunksjonar.

God søkning

HVO har utvikla mange fleksible studietilbod på nett med god søkning. Undervisning på nett blir også meir sentralt i profesjonsutdanningar på deltid. Eit døme på dette er arbeidsplassbasert  barnehagelærarutdanning (ABLU). HVO har også sett i gang distanseovergripande undervisningssamarbeid i grunnskulelærarutdanninga i UH-nett Vest regi.

Utfordringar

– Fjernundervisning set nye krav til pedagogisk kompetanse, infrastruktur og støttefunksjonar.  Denne fagdagen om digitale verkty i undervisninga gir oss eit høve til å diskutere desse spørsmåla, sa rektor Per Halse ved opninga av fagdagen.

Teknologidriven revolusjon

– Ved Høgskulen i Volda er no 30 % av studentane knytt til ulike nettstudium, og nettstudentane står for ein tredjedel av studiepoengproduksjonen ved høgskulen, sa høgskulelektor Pål Hamre ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur i si innleiing på fagdagen.

829f7deeb3bc64d094b1753cec96a51f

Høgskulelektor Pål Hamre ser «nettrevolusjonen» som den tredje store utdanningsmessige omveltinga med store konsekvensar for høgare utdanning i Volda.

Dei to første store omveltingane var kimen til lærarutdanninga i Volda på slutten av 1800-talet og etableringa av Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda tidleg på 70-talet.

Konkurranse

Den sentrale drivaren i denne tredje revolusjonen er teknologien. Teknologien gjer det mogeleg å tilby studium til studentar same kvar dei måtte halde til nasjonalt eller internasjonalt. Konkurransen  hardnar til når det blir mogleg for aktørar å utfordre dei gamle geografiske «revira» høgskular og universitet før kunne rekne for sine.

– Måten vi forvaltar nettstudia på er avgjerande om vi har ein høgskule i Volda i framtida. Vårt fortrinn er at vi var tidleg ute, men situasjonen krev ein strategisk gjennomgang frå A til Å når det gjeld satsinga på nettstudium, sa Hamre.

Historie på nett – ei suksesshistorie

Førsteamanuensis Arnfinn Kjelland ved Historisk institutt er ein av pionerane når det gjeld nettbaserte studium ved HVO.

3517ca9d17eb3029731f989ddadddcf3

– Svake søkjartal tidleg på 2000-talet kravde nytenking og omstilling, sa Kjelland.

a58f2d44b257c88ae0adae0f01f0eb88

Ved å ta i bruk ny teknologi og tilby emne og studietilbod delvis eller i sin heilskap på nett, kunne instituttet i 2012 vise til ein produksjon av over 120 heiltidsstudentar mot 40 i 2000. Den positive utviklinga kan stort sett forklarast med satsinga på nett.  

I innlegget sitt delte Kjelland sine erfaringar frå bruk av ulike system og programvare som Adobe Connect, Fronter, sosiale medium som Facebook og liknande i nettundervisninga.

Nettstøtta studietilbod i Kunst og handverk

Førsteamanuensis Karen Brænne ved Seksjon for kunst og handverk Avdeling for kulturfag delte nokre erfaringar frå arbeidet med eit vidareutdanningstilbod i kunst og handverk for lærarar i grunnskulen.

– Nettstudentane sitt behov for kontakt seg i mellom og kontakt med lærestaden er ei utfordring. Studentbloggar med bruk av kommentarfelt viste seg å vere ein vellukka  læringsarena i tillegg til verkty som Skype og Google+, sa Brænne.

f6234c8660992e4f4bcf72b11a002a21

– Vi samarbeidde tett med Seksjon for medie- og kommunikasjonsteknologi for å prøve skape «den fysiske lærestaden» på nett, sa Brænne.

Bruk av sosiale medium i undervisninga

Høgskulelektor Synnøve Moltudal ved Seksjon for medie- og kommunikasjonsteknologi konsentrerte sitt innlegg om bruk av sosiale medium i «Digital kompetanse i læring», eit vidareutdanningstilbod for lærarar med mange reine nettstudentar i tillegg til studentar som også tar del i studiesamlingar i Volda.

– Vi ser at dei som tek studiet som reint nettstudium manglar den sosiale komponenten. Difor meiner eg at høgskulen bør ta i bruk sosiale medium i nettundervisninga fordi desse kanalane på ein enkel og intuitiv måte opnar opp for sosial interaksjon, multimodale tekstar og brukargenerert innhald på ein betre måte enn til dømes Fronter.

Moltudal peika på at bruk av sosiale medium som Facebook i undervisninga er kontroversielt.  

5c1f378216306879f1551e3386c7d0e3

– Google+ er eit alternativ til Facebook, og noko av det mest interessante i Google+ er muligheita for å etablere grupper det innhaldet er lett synleg for brukarane, hevda Synnøve Moltudal.

Adobe Connect i matematikkundervisning på nett

Høgskulelektor Øyvind Roger Halse på Institutt for realfag ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning gav tilhøyrarane ei innføring korleis instituttet brukar Adobe Connect i fjernundervisninga. 

556464a99ed17b71e938714410ef3e4e

Eit sentralt skjermbile i Adobe Connect med deltakarliste og chat. Studentar og lærar kan i felleskap sjå på presentasjon laga i Powerpoint.

Fjernundervisning i grunnskulelærarutdanninga

Ved hjelp av ny teknologi, videooverføringar av førelesingar frå ein høgskulen til fleire andre, kan dei enkelte institusjonane i UH-Nett vest tilby lærarstudentane sine eit større utval valfag enn det dei elles kunne ha gjort.

Bakgrunnen for samarbeidet er at den tidlegare allmennlærarutdanninga no er erstatta av to grunnskulelærarutdanningar: Grunnskulelærarutdanning for klassetrinna 1-7 (GLU 1-7) og Grunnskulelærarutdanning for klassetrinna 5-10 (GLU 5-10). For høgskulane gjer denne delinga det vanskeleg å tilby valfridom knytt til studentane sine fagval og skulane sine behov i regionen. Samarbeidet gir også faglege gevinstar.

Rebekka Iversen går fjerde året ved GLU 1-7 i Volda, og ho har ofte slike førelesingar.

– Ikkje alle emne egnar seg like godt for denne måten å gjere det på, men eg synest at det stort sett har gått greitt. Det er viktig at førelesingane vert gjort tilgjengelege for oss som opptak i etterkant, sa ho. 

04e5012e7b7e544f8a621fd25bfb73c0563bf6dc
Vel 20 lærarstudentane ved Høgskulen i Volda gir her klarsignal til dagens førelesar, Ingunn Flatøy, lærar ved Høgskulen i Stord/Haugesund.

Samarbeid med maritim klynge

Jan Thormodsæter i Maritim foreining for Søre Sunnmøre (MAFOSS) representerer 50 medlemsbedrifter og 3000 tilsette i ei rekkje verksemder i den maritime klynga på Sunnmøre.

a182e8993a14ab06909cf65f3fb8e397

For MAFOSS er det ein føresetnad at eventuelle kurs gjer bruk av ny teknologi for å nå medarbeidarar som er på oppdrag over heile verda.

– Eit sentralt område for MAFOSS er kompetanseheving, og vi har samarbeidd med Høgskulen i Volda om leiarutvikling og eit kurs i engelsk.

Del på