Fagtilsette ved HVO med fersk bransjeerfaring: – Det har stor verdi for undervisinga vår
Vil du bli grunnskule- eller barnehagelærar? No har du ein ekstra grunn til å velje Høgskulen i Volda! Fleire av våre fagtilsette i lærarutdanningane har nemleg rykande fersk erfaring frå barnehage- og skulekvardagen.
Hausten 2022 har fleire fagtilsette i lærarutdanningane ved Høgskulen i Volda fått rykande fersk bransjeerfaring gjennom ein ny hospiteringsordning, og innhenta inspirasjon frå barnehage- og skulekvardagen som dei skal bruke i undervisinga.
Det er desember og nysnøen har lagt seg som eit tjukt teppe over Sunnmøre. I Mosmarka barnehage i Ørsta kommune spring små barneføter fram og tilbake i gangane. Nokon born bygger hus og bruer med store puter i gymsalen, andre turnar og klatrar.
I naborommet sit seks born og ein av barnehagen sine fagarbeidarar, i full gang med dagens formingsaktivitetar. Saman med dei sit Leif Bjørn Skorpen og Erik Fooladi, begge frå Institutt for realfag ved Høgskulen i Volda (HVO). Dei observerer. Lyttar til det borna og fagarbeidaren snakkar om. Ser på kva dei gjer og prøvar å finne ut korleis dei tenkjer og utforskar.
Men kvifor er Skorpen og Fooladi i barnehagen?
Byggjer bru mellom teori og praksis
– Vi hentar inn erfaringar, eksempel, løysingar og idear som vi skal bruke i undervisinga vår i det nye emnet Utforsking i barnehage og nærmiljø, som har oppstart våren 2023 og inngår i masteren Barnehagekunnskap, seier Fooladi.
Han er førsteamanuensis og naturfagdidaktikar, og jobbar mykje med forsking og undervising om utforsking. Han underviser også i mat og helse, matkultur og tverrfaglegheit.
– Hospiteringa er eit veldig fint tilbod for oss, då vi sjølv ikkje har arbeidd i barnehage. Saman med erfaringane vi får når vi besøkjer studentane i praksisperiodene, får vi eit unikt innblikk i barnehagekvardagen, legg Skorpen til.
Det er ikkje tilstrekkeleg med berre fakta- og ferdigheitskunnskap, som i sin natur er basert på eksisterande kunnskap. For å kunne vere i stand til å løyse nye og ukjende problem må ein kombinere eksisterande kunnskap med evna til å tenkje nytt, vere kreativ og uthaldande.
Leif Bjørn Skorpen.
Skorpen er dosent i matematikkdidaktikk og har lang fartstid og erfaring frå barnehagelærarutdanninga ved HVO. Han underviser blant anna i problemløysing og modellering i masterutdanninga.
Kollegaene har hatt fleire dagar med hospitering gjennom hausten. Og når dei hospiterer, er det ikkje spørsmål om å gjere ting «rett» eller «feil».
– Dei tilsette er ekspertane i å jobbe i ein barnehage, og borna er ekspertane på å vere barnehage-born. Det vi leitar etter er autentiske eksempel som vi kan bruke i undervisinga vår, og byggje ei bru mellom teori og praksis, held Fooladi fram.
Les meir: Bli lærar i Volda!
Ein styrke for fagtilsette og studentar
– Det har lenge vore eit ynskje blant dei fagtilsette frå profesjonsutdanningane om å få hospitere i skule og barnehage. I LU-samarbeidet har vi fleire område vi samarbeider om, men dette semesteret har vi prioritert å få i gang ei ordning med hospitering.
Det seier Hanne Elin Harnes, praksiskoordinator i barnehagelærarutdanninga. Ho har, saman med Kjersti Markegård, rådgjevar i grunnskulelærarutdanningane, ansvaret for LU-samarbeidet (Lærarutdanningssamarbeidet).
– Vi har sett i gang eit prøveprosjekt for å sjå om dette er noko vi ynskjer å halde fram med. Om tilbakemeldingane frå faglærarane er så positive som vi har fått inntrykk av, er dette noko vi ynskjer å prioritere i det vidare partnarskapsarbeidet, seier Markegård.
Fakta om hospiteringa og LU-samarbeidet
Hospiteringa er eit pilotprosjekt, og er del av ordninga med lærarutdanningsbarnehagar- og skular ved HVO.
Lærarutdanningssamarbeidet (LU-samarbeidet) tek utgangspunkt i strategidokumentet Lærarutdanning 2025, Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane.
LU-barnehagane og LU-skulane som HVO har avtale om partnarskap med er Mosmarka barnehage i Ørsta kommune og Tennfjord barnehage i Ålesund kommune, Velle skule i Ørsta kommune, Øyra skule i Volda kommune og Ulstein ungdomsskule i Ulstein kommune.
Ved å hospitere får fagtilsette blant anna enda betre innsikt i og oppdatert kunnskap om skule- og barnehagekvardagen, som har stor verdi for både studentane og fagtilsette. Og dei opplever hospiteringa som nyttig og viktig i arbeidet med å auke kvaliteten i lærarutdanningane, seier Harnes.
– Dette blir ein styrke for å kunne gi ei meir praksisnær undervising, og kjem slik også studentane i lærarutdanningane våre til gode. Studentane vil møte fagtilsette som har fått meir erfaring med ein reell skule- og barnehagekvardag, og kan knyte desse erfaringane til sitt kunnskapsområde og fag i undervisinga.
Vil du bli barnehage- eller grunnskulelærar? Her finn du Høgskulen i Volda sine studietilbod innan lærarutdanningane!
Ser på korleis born utforskar
Dei to kollegaene jobbar mykje med utforsking og under hospiteringa ser dei særleg etter dette, både blant borna og dei tilsette i barnehagen.
– Vi ser på og får innsikt i den frie utforskinga som borna gjer, og den strukturerte utforskinga som dei vaksne legg til rette for. Og det har stor verdi for undervisinga vår, seier Fooladi. Det kan gjelde alt frå geometriske former og korleis byggje noko, til korleis ein skal få ting til å passe saman.
Ein haustdag var dei ute på skogstur, og gjekk over ei tidlegare slåttemark som no er attgrodd. Ei av jente i barnehagen la merke til at der berre var eitt tre igjen som ikkje hadde mista blada sine.
«Dette treet har framleis blad! Ingen av dei andre trea har det», sa jenta.
– Dette er første spor til å finne ut kvifor ting er som dei er. Slike gullkorn som ligg der, kan ein ta fatt i og byggje vidare på. Det startar gjerne med ein tanke, ein observasjon eller noko anna som ein undrar seg over, men dessverre stansar det ofte der. Følgjeleg blir det viktig å utvikle evna til å kome vidare i prosessen, til dømes ved å stille gode spørsmål, undersøkje korleis «det heng saman», utforske kva som skjer viss ein gjer slik eller slik, seier Skorpen.
– Utdanninga må óg vere med i utviklinga
– Ein treng heile tida å fornye seg. Dagens samfunn, den praktiske kvardagen og utviklinga til borna er i stadig endring. Derfor må utdanninga òg vere med på utviklinga, og for å følgje med må ein sjå korleis det er i praksis.
Det seier Siv Bente Hjorthaug, pedagogisk leiar i Mosmarka barnehage. Ho fortel at det er kjekt å vise faglærarane korleis dei tilsette i barnehagen jobbar i praksis.
– Vi håper dei får litt tips til korleis vi jobbar, og idear for vidare undervising. Kanskje kan vi også få til eit tettare samarbeid mellom barnehage og undervisinga i utdanninga.
Kunnskap og inspirasjon til eige arbeid
Berit Huse har akkurat kome tilbake etter ei veke med hospitering i Tennfjord barnehage i Ålesund kommune. Ho har over 30 års erfaring frå å arbeide i barnehage, og for seks år sidan byrja ho å undervise framtida sine barnehagelærarar ved HVO.
– No var det på tide å kome ut i praksis igjen, kjenne på barnehagelivet og reflektere over eventuelle endringar, seier Huse.
Høgskulelektoren er breitt inne i mange emne i barnehagelærarutdanninga. Spesielt innan småbarnspedagogikk, med vekt på musikk og drama. Sjølv om ho møter studentane når dei er ute i praksis for første gang, er det viktig for ho å bli minna på korleis det er å vere ny, kome inn i ein organisasjon, bli kjent med personale og born. Derfor ville ho vere med i hospiteringsordninga.
– Eg ynskjer å få oppdatert kunnskap og kompetanse om korleis det er å arbeide i barnehage no, seks år etter at eg sjølv gjekk ut, smiler Huse.
Ho har hospitert ei og ei veke samanhengande. På den måten kan ho byggje opp relasjonar til borna, i tillegg til å ta del i organisasjonen og vere med i møteverksemda.
– Eg vart veldig godt tatt imot av alle i personalet og følte meg så velkomen. Det er dyktige fagfolk som brenn for utvikling av barnehagen og det beste for borna, seier Huse og held fram:
– Eg saknar barnehagelivet, og ikkje minst gir det eit stort fagleg utbytte. Hospiteringa, og påminninga eg får om korleis det er å arbeide i barnehage, blir ei drivkraft og gir eit ekstra engasjement inn mot undervisinga.