Får eksamensoppgåvene publisert i media

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Kronikkar som var eksamensoppgåve til jul for grunnskulelærarstudentar i Volda, blir no publiserte i aviser og tidsskrift.

– Vi utfordra studentane til å sende inn kronikkane sine til aviser og tidsskrift som passa med tematikken og målgruppene for kronikken dei hadde skrive, fortel Siv Måseidvåg Gamlem, professor ved Høgskulen i Volda og ansvarleg for emnet Pedagogikk og elevkunnskap 3: Den profesjonelle læraren i møte med elevmangfaldet og andre samarbeidspartnarar..

Det var i dette emnet studentar som går fjerde året på grunnskulelærarutdanninga, både for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn, skreiv kronikkane. Dei blei tidleg hausten 2020 introdusert for denne kronikken, som skulle vere ei av to oppgåver i ein mappeeksamen. Studentane fekk sjølve velje tema innanfor sju hovudområde relatert til studieemnet.

Autentisk og meir motivasjon

Meldinga til studentane var at desse kronikkane skulle skrivast inn mot ein valt publiseringskanal og ei valt motakargruppe, og at dei kunne publisere tekstane etter at eksamensperioden var ferdig.

– Dette er noko eg meiner er sentralt med ei slik oppgåve da den såleis vert autentisk og dette kan også skape meir motivasjon for arbeidet, vektlegg Måseidvåg Gamlem.

Tre føremål

Det at studentane skulle skrive kronikk hadde tre føremål for seg. Måseidvåg Gamlem forklarar dei slik:

  • Fordjupe seg i eit sjølvvalt fagleg område innanfor tema i emnet.
  • Få erfaring med å skrive kronikk, slik at ein på eit avansert nivå skal kunne formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga.
  • Kunne skrive om eit tema i ein kronikk slik at teksten vert interessant for ein avis-/tidsskriftslesar.

Fleire på trykk

Det verkar til å vere liten tvil om at oppgåva har gått heim hos studentane og dei har respondert godt. Så godt at fleire allereie har fått sine kronikkar på trykk.

Rune-André Gamlem fekk sin kronikk, «Kor rettferdig er eksamen?», publisert i Sunnmørsposten 29. desember. Der han tek for seg at ein kan gå frå botn- til toppkarakter ved å klage på eksamenskarakteren, og eksamenssystemet i grunn- og vidaregåande skule med uttrekk av kven som skal opp til eksamen og hemmeleghald av kva fag eleven skal ha eksamen i.

9. januar kom kronikken, «På tide å lytte», på trykk hos Sunnmørsposten. Den er skrive av Stine-Mari Sjøholt, der ho tek opp mobbing som tema. Sjøholt diskuterer utviklinga av mobbing, foreldra og lærarane sitt ansvar og forsøker å gå inn i staden til både mobbarane og mobbeofra. 

– Dette er vi svært glade for å sjå. Vi veit at fleire gode kronikkar er på veg til ulike avise og tidsskrift. Det er fint at dei får øving på denne måten til å formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga, seier ei godt nøgd Måseidvåg Gamlem.

Del på