Første i landet

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda er først ut med å få til ein internasjonal konferanse for lærarstudentar etter at regjeringa etterlyste meir internasjonalisering spesielt for denne studentgruppa.

Onsdag opna ITS Volda, konferansen der lærarstudentar og tilsette ved Høgskulen i Volda får besøk frå lærarstudentar og fagtilsette frå Nord-Irland, Nederland, Sveits, Danmark og Finland. I tre dagar skal dei få ta del i interessante forelesingar og arbeide saman på kryss og tvers av nasjonalitetar og kulturar rundt temaet; korleis skal læring i skulen gå føre seg i framtida, og kva metodar og hjelpemiddel kan ein ta i bruk i ein digital kvardag.

Eit skritt på vegen

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, som nyleg gjesta Høgskulen i Volda, har eit mål om 50 prosent utveksling for norske studentar, i dag er talet 20.

– For lærarstudentane i Noreg er det ikkje meir enn 10 prosent som reiser ut i tre månader eller meir. På verdsbasis er også tala for utveksling lave og lærarstudentar ei av dei studentgruppene som skårar dårlegast. Tradisjonen for utveksling og internasjonalt samarbeid blant fagtilsette på høgskular og universitet er heller ikkje lang, sa Vigdis Berg under opningstalen sin. Hun er seniorrådgivar i Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (DIKU), som løyvde pengar til Høgskulen i Volda for denne konferansen.

Sjå heile programmet for konferansen.

Godt døme

Kunnskapsdepartementet har på bakgrunn av det sett utveksling – spesielt blant lærarstudentane – høgt på lista over prioriteringar.

– Dette er det første prosjektet eg har sett materialisert seg etter at vi lyste ut desse midlane, og Høgskulen i Volda er den første institusjonen som har fått til ein slik konferanse. Den er eit godt døme på korleis ein kan få til internasjonalisering, og ein god idé på korleis ein kan få til studentinvolvering før, under og etterpå , seier Berg.

Ekstra dimensjon

Vigdis Berg
Vigdis Berg rosa ideen og tiltaket med internasjonal konferanse for lærarstudentar i Volda.

Hun var med på ein av dei første programpostane onsdag, då deltakarane besøkte barneskulen Øyra i Volda og fekk eit innblikk i kvardagen der. – Eg vart glad då eg høyrde korleis dykk diskuterte ulike forhold under skulebesøket, sa Berg til studentane.

Ho er ikkje i tvil om verdien av ein slik konferanse for studentane.

– Det gir ein ekstra dimensjon og verdi for dykk som kan bli verdifull i det framtidige yrkeslivet. Få dykk vennar og kontaktar under opphaldet her i Volda og bruk nettverket i framtida til å møte og lære av kvarandre seinare.

Les også: Lærarstudentane lagar internasjonal konferanse

Teknologi

Også rektor ved HVO, Johann Roppen, snakka til deltakarane under opninga. Han håpte at dei tilreisande vil kunne forstå mottoet til Høgskulen om at Volda er plassen ein aldri vil gløyme og at dei vil bli godt integrert når dei er her.

Roppen drog også parallellar til medieutdanningane i Volda, som har vore kjend for å vere svært langt framme med å tilby studentane praktiske utdanningar med godt utstyr. – Teknologien er tilgjengeleg for alle i dag, det handlar om å nytte den på rett måte. I Volda er vi langt framme på digitalisering i lærarutdanninga og vi håpar dykk blir godt rusta til å bruke dei moderne verktøya i yrket dykkar, sa rektoren.

Del på