Gamlem representerte Noreg internasjonalt

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Professor Siv M. Gamlem har samarbeidd internasjonalt om «Student voice in Education», og presenterte førre veke arbeidet i den slovenske hovudstaden Ljubljana.

Arbeidet er gitt ut av CIDREE (Consortium of Institutions for Development and Research in Education in Europe), og tilhøyrer serien CIDREE YEARBOOK. Denne årboka gir et innblikk i elevstemmene i relasjon til utdanning frå tolv europeiske land; Bosnia og Hercegovina, Estonia, Frankrike, Ungarn, Irland, Kosovo, Nederland, Norge, Slovenia, Sverige, Skottland og Wales.

Professor Gamlem ved Høgskulen i Volda har skrive teksten frå Noreg saman med professor Marte Blikstad-Balas (Universitetet i Oslo). Teksten; «Student Voice in Norway and the New Curriculum» omhandlar korleis opplæringslova, forskrifter, og læreplan kan gi rom for elevstemmer i skulen – og korleis desse stemmene ser ut til å verte høyrde – og på kva område. 

– Elevane må verte høyrt

Eit poeng i artikkelen er at sjølv om preferansane til den enkelte elev kan takast i betraktning og tilpassast for, gjennom til dømes val på kva individuelle oppgåver ein vil gjere, så betyr ikkje dette nødvendigvis at elevar vert høyrde eller at deira perspektiv vert styrka i klasserommet. Gamlem og Blikstad-Balas argumenterer for at «elevstemma» bør forståast som å gi elevane moglegheiter til å påverke læring på ulike nivå. 

– For å kunne gjere dette, må elevane verte høyrt, ikkje berre av seg sjølv når dei tek individuelle val, men i samanheng med opplæringa i klasserommet og i skulen. Det har vore tradisjon i Noreg for at elevar skal verte høyrde, og Noreg har mellom anna hatt elevråd sidan 1919. I tillegg er det lagt til rette i Noreg for at elevar skal kunne seie si meining om læring og trivsel gjennom å svare på den årlege Elevundersøkinga, fortel Gamlem.

Elevar frå Slovenia
Elevar frå Slovenia i samtale med politikarar, lærarar og forskarar.

Nok med meir ansvar?

Fagfornyinga (ny læreplan frå 2020) framhevar ei stadig meir aktiv elevrolle i grunnskule og vidaregåande opplæring. Elevane sine rettigheiter er regulert av lovverk og gir elevane ei moglegheit til å få eigarskap til reglar, aktivitetar og innhald i eigen skule. 
– Utfordringa ser no ut til å vere at elevane i Fagfornyinga får meir ansvar i klasserommet, kanskje utan meir faktisk moglegheiter for å kunne påverke lærarar si undervisning, korleis elevar vert vurdert, og andre sentrale område i deira utdanning, seier Volda-professoren.
Gamlem og Blikstad-Balas framhevar at det er eit paradoks at sjølv om elevane si stemme vert framheva som viktig i den norske konteksten, så har studiar frå klasserom ein tendens til å vise at elevane si aktive deltaking og involvering er avgrensa. 

Ulike perspektiv

Dei tolv artiklane i årboka er skrive av forfattarar med ulike bakgrunnar og ståstadar, nettopp med utgangspunkt i å kunne belyse elevar si deltaking og involvering i utdanningssamanheng. På tvers av mange av artiklane er det eit tydeleg fokus på pedagogikk som involverer elevar og lar dei engasjere seg og delta meiningsfullt i si eiga læring. 

I andre artiklar er fokuset meir på korleis det vert gjort tilrettelegging av rådsorgan som skal oppmuntre elevane si aktive deltaking, og der eit sentralt fokus er å støtte elevstemmene på systemnivå for å sikre at elevane si stemme vert høyrt i klasseroma og utanfor. 

Del på