– Gir noko ekstra til lærarutdanninga i Volda

Tekst: Per Straume , Foto: Einar Farkvam Mortveit

- Oppdatert

Grunnskulelærarstudentane som var med på å styre og undervise ein heil barneskule aleine ei veke, er ikkje i tvil om kor verdifull den erfaringa er før dei skal ut i yrkeslivet på alvor. 

– Deilig! Og spennande. Vi fekk prøvd oss og lært mykje, kjem det kjapt frå Karoline Henden Bjerknes, då vi spør om korleis det var då ho og medstudentane på fjerde året på grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, styrte barneskulen Øyra skule i Volda ei veke.

Saman med Joachim Korsfur Solli delte Bjerknes på rolla og ansvaret som rektor og assisterande rektor denne veka. Medan medstudentane deira hadde ansvaret for all undervisning i klassene frå 1. til 7. trinn. Alle dei ordinært tilsette ved skulen, sett bort frå assistentar og miljøarbeidarar, var reist vekk og ikkje fysisk til stades gjennom heile veka.

Les meir om:

Unik moglegheit

Grunnskulelærarstudentane har praksis både haust og vår i dei fire første åra av utdanninga – totalt utgjer dette 110 dagar praksis. Skuleovertakinga var den andre av tre veker praksis Solli og Bjerknes har i vårsemesteret. Ei spesiell veke, og eit opplegg ein ikkje får alle andre plassar der ein tilbyr grunnskulelærarutdanning.

– Vi føler oss veldig heldige som får ei slik moglegheit. Ein stor takk til Øyra skule som stiller opp og slepp oss til. Dette gir oss ei heilt unik erfaring. Det er noko anna å stå på eigne bein enn å ha ein praksislærar som følger med og er i klasserommet, seier Bjerknes og Solli.

I rollene sine hadde dei blant anna ansvaret for at alle klassene hadde lærarar, som altså var medstudentane deira, til ei kvar tid. Grupper på tre-fire studentar hadde saman ansvaret for ei klasse.

– Dei andre studentane har meldt tilbake at dei har trivest. Dei har verkeleg fått prøvd seg, og sjølv om det har oppstått situasjonar som har vore litt krevjande, ser dei på det som god læring.

PSSST! Fredag 19. februar har Synnøve Olsen Tangen, ein av studantene som var med på denne praksisen, takeover på Høgskulen i Volda sin Instagram-konto. Følg med der og få eit djupare innblikk i praksisen og hennar studiekvardag i Volda.

Spent

Sjølv om studentane var vande med praksis frå før og kjende skulen, kjende dei at det var noko spesielt då dei troppa opp på skulen måndag og skulle styre alt sjølve.

– Oi, kva skal vi gjere denne veka?, tenkte eg då vi kom måndag morgon. Men vi kom fort inn i det og frå tysdag begynte alt å sette seg, fortel Korsnes. 

– Ja, vi var spent begge to. Vi fekk ein god del informasjon på førehand, men det dukkar alltid opp noko, følger Solli opp med.

Lærerik rolle

Alt det administrative, situasjonar som oppsto med elevane og foreldre som tok kontakt med skulen var også studentane sin jobb, der Korsnes og Solli hadde det øvste ansvaret. 

– Vi fekk øving i å handtere konflikter mellom elevar, elevar som kan vere utagerande, foreldre som tok kontakt og hadde sine behov. Det fine var at vi kunne drøfte dette med medstudentane våre og kome fram til gode løysingar saman, fortel den midlertidige rektorduoen.

Både dei og medstudentane rapporterte kvar dag til rektor og lærarane som normalt driv skulen.

– Alle studentane skreiv logg kvar dag, som lærarane ved Øyra skule kunne følgje med på. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå lærarane på jobben vi har gjort. Det har også vore god respons frå dei foreldra vi har hatt med å gjer – det er kjekt, smiler duoen.

Praksis mest lærerikt

Korsnes og Solli er full av lovord om praksisen dei får med seg gjennom utdanninga generelt.

– Praksisen er det som er mest lærerikt gjennom studiet. Det er der vi får tatt med oss teorien vi lærer og prøvd ut korleis det verkar, seier Solli. 

– Gjennom praksisen får vi utvikla oss. Det ser eg godt på medstudentane mine, og det same gjeld sikkert for meg også, følger Korsnes opp. 

– Det har vore lagt opp til god progresjon frå då vi starta på studie og fram til i dag når det kjem til praksis. No får vi gjere meir sjølv i klasserommet, og kan ha all undervisning sjølve om vi vil.

Det viser at praksislærarane stoler på oss. Dei er flinke til å gi oss tillit og støtte opp, synest Solli.
 

Del på